Honoratus Halling

(Omdirigert frå Honoratius Halling)

Honoratus Halling (14. november 18199. april 1886), også omtalt som Honoratius, var ein norsk prest, redaktør og indremisjonær og avhaldsmann. Han grunnla Indremisjonen i Kristiania, som i dag heiter Kirkens Bymisjon, og var den første redaktøren av det oppbyggelege bladet For fattig og rik.

Honoratus Halling

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1819
Nord-Odal kommune
Død

9. april 1886 (66 år)
Ljan

Yrke prest, redaktør
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Honoratus Halling på Commons

Honoratus Halling var fødd i Nord-Odal.

Han var garnisonsprest og seinare sokneprest i Horten, der han var den første ordføraren, og var pådrivar og seinare formann i forstandarskapet for realskulen der, som blei oppretta i 1857.

Ved midten av 1800-talet verka han ved Enerhaugen i Kristiania (no Oslo) der han danna eit kristeleg arbeidarsamfunn som motvekt til den radikale Thrane-rørsla, organiserte ei sparingsordning for arbeidarar som seinare blei til Spareskillingsbanken, og starta bladet For Fattig og Rik, som kom ut for første gong i 1848 og nådde opplag på 30 000. Bladet blei seinare organ for Det norske lutherske indremisjonsselskap, og gjekk først inn i 2001, då det blei erstatta av Agenda 3:16.

Halling var gift to gonger, først med Fredrikke Petrine Weiergang som han gifta seg med i 1844 i Mandal. Den andre kona hans var Marie Henriette Bomhoff.

Frå 1864 og fram til 1875 var Honoratus Halling sokneprest i Lom kommune i Gudbrandsdalen. I 1875 vart Halling utnemnd til sokneprest for Østre Aker, og familien flytte dit. Saman med kona Marie stifta han Østre Akers Børnehjem i 1882. Han døydde i 1886 på Ljan i Kristiania.

Fleire gater er kalla opp etter han, mellom anna Prestegaten og Hallingsgate i Horten og Prost Hallings vei på Bryn i Oslo.

Sjå òg endre

Kjelder endre