Gjendine Slålien

Kaia Gjendine Slaalien, kjend som Gjendine Slålien (15. juli 187113. mai 1972) var ei norsk budeie som gav Edvard Grieg viktige impulsar frå norsk folkemusikk. Ho er særleg kjend frå «Gjendines bådnlåt».

Gjendine Slålien

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1871
Lom kommune
Død

13. mai 1972 (100 år)

Yrke bonde, folkesanger
Gjendine Slålien på Commons

Opphav endre

Gjendine Slålien var dotter av Anne Syversdatter og Erik Hansen Slålien, det første styrarparet på Gjendebu i Jotunheimen. Ho blei fødd på steinhytta Gjendebu der mora var åleine som budeie.

Åtte dagar etter fødselen kom ein prest, Honoratus Halling, med eit turistfølgje til staden. Han døypte henne den 24. juli i sjøen Gjende med følgjesvenene som fadrar. Halling gav henne mellomnamnet «Gjendine», som etter kvart blei tiltalenamnet hennar.

Musikalsk innverknad endre

Gjendine var budeie fleire somrar, og det var medan ho tente på Skogadalsbøen at ho møtte Grieg, første gongen i 1891. Komponisten blei interessert i songane og bukkehornspelet hennar. Særleg likte han bånsullen ho song for søsterungen sin mens ho vogga det i armane sine. Edvard Grieg og vennen Frants Beyer oppsøkte Gjendine fleire gongar, og Beyer skreiv ned mange av songane hennar, bortsett frå voggesongen. Den foreviga Grieg. Seinare arrangerte han dei for klaver, i Norske Folkeviser, Opus 66, der «Gjendines bådnlåt» er den siste.

Sommaren 1891 hadde Grieg og den faste turkameraten hans, Frants Beyer, med seg ein nederlandsk komponist, Julius Røntgen. Han skal ha fridd til Gjendine, men ho svara nei, ettersom ho aldri kunne tenka seg å reisa frå fjella og Bøverdalen. I staden gifte ho seg med Halvor Slaalien, som hadde vakse opp i same grend som henne. Dei fekk to barn saman.

Gjendine og mannen dreiv ein gard, men ho arbeidde framleis på fjellstover i Jotunheimen. Då dronning Vilhelmina av Nederland og dottera kom for å oppleva den norske fjellheimen, blei Gjendine tilsett som ei slags selskapsdame for dei.

Også komponisten Sparre Olsen fekk Gjendine til å syngja for seg, og brukte songane som element i sine komposisjonar.

I 1961 blei Gjendine beden inn som heidersgjest ved opninga av Festspela i Bergen. På Troldhaugen fekk ho treffa både kong Olav og sjahen av Persia og kona hans.

Gjendine Slålien døydde i 1972, nesten 101 år gammal. Hytta ho blei fødd i heiter nå «Gjendinebua». Ho er restaurert, og inneheld ei lita utstilling om Gjendine.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre