Horne i Hyllestad
Horne er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 17.[2][3]
Horne | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] | ||
Gardnummer | 17[2][3] | ||
Ferdselsårer | 607[4] | ||
Geografi
endreHorne ligg opp mot grensa til Fjaler kommune og grensar i sør til Ramsgrø og Hydalen, og i vest til Liane.[3] Fylkesveg 607 går over garden.
Historie
endreFyrst på 1600-talet var det eitt bruk på Horne, seinare i hundreåret vart det skilt ut eitt til, og på 1800-talet vart tre husmannsplassar skilde ut som eigne bruk. Det har vore drive tjørebrenning og sagbruk på Horne, og garden har hatt sagbruk og det har vore produsert fisketunner. [3]
Namnet
endreGardsnamnet skal kome av at Loneelva gjer ein sving der, og har med 'hjørne' å gjere.[3]
I kjeldene er namnet skrive «Horne» (1603), «Hornn» (1608), «Horn» (1667) og «Horne» (1723).[5]
Bruk nr. 2 heiter Kvia (tidlegare skrive Kvien og Hornekvien), bruk nr. 4 heiter Hornslia (tidlegare skrive Lien, og Hornelien), og bruk nr. 5 heiter Hornsdalen (tidlegare skrive Dalen og Hornedalen).[3]
Horne er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Horne» i 1986.[6]
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Horne : Gnr. 17». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 147. ISBN 8299219817.
- ↑ «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 5. desember 2010
- ↑ «Oluf Rygh: «Horne» i Norske Gaardnavne».
- ↑ «yr.no». Vitja 5. desember 2010
Vidare lesnad
endre- Inger Kellmer (1990). «Horne : Gnr. 17». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 147-160. ISBN 8299219817.