Liane i Hyllestad
Liane, tidlegare skrive Lien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 16.[2][3]
Liane | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] | ||
Gardnummer | 16[2][3] | ||
Ferdselsårer | Kommunal veg til 607[4] | ||
Geografi
endreLiane ligg Ønadalen, mellom Ramsgrø og Horne. I aust grensar garden til Hydalen. Tuna ligg mellom 180 og 250 meter over havet.[3] Det går kommunal veg til bruka frå Fylkesveg 607.
Historie
endreLiane var truleg skilt skilt ut frå anten Horne eller Lone i Fjaler i gammal tid. Kring 1600 vart garden teken opp att etter å ha lege aude. På 1600-talet var det to bruk på garden. På 1700-talet vart det skilt ut eit bruk til, og på 1800-talet to til.[3] Det har vore tre husmannsplassar under garden.
Namnet
endreGardsnamnet viser til liene i nordaust, der den beste jorda på garden finst.[3]
Liane er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Liane» i 1986.[5]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Liane : Gnr. 16». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 132. ISBN 8299219817.
- ↑ «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 5. desember 2010
- ↑ «yr.no». Vitja 5. desember 2010
Vidare lesnad
endre- Inger Kellmer (1990). «Liane : Gnr. 16». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 132-146. ISBN 8299219817.