Hot Chip er eit band som blei skipa i London i 2000 og som hovudsakleg speler elektronisk musikk. Dei har gitt ut fem studioalbum - Coming on Strong, The Warning, Made in the Dark, One Life Stand og In Our Heads.

Hot Chip

Aktiv2000–
Sjangersynthpop
PlateselskapEMI, Astralwerks, DFA Records, Domino Records

Historie

endre

Coming on Strong

endre

Etter å ha gitt ut plater på eiga hand i eit par år, skreiv bandet i 2003 under på ein kontrakt med Moshi Moshi, og gav der ut debut-LP-en sin, Coming on Strong i 2004. I løpet av denne perioden kom Felix Martin og Al Doyle med i bandet. Gruppa byrja å arbeida med det andre albumet sitt, og skreiv under kontrakt for å gje det ut i Storbritannia og USA med DFA Records og EMI. DFA og Astralwerks gav ut debutalbumet i USA for fyrste gong mot slutten av 2005.

The Warning

endre

I 2006 gav Hot Chip ut det andre albumet sitt, The Warning. På grunn av kontrakten sin med EMI i Storbritannia, fekk gruppa meir merksemd i media, og frå kritikarar. Albumet blei nominert til Nationwide Mercury Prize 2006,[1] og vart blei som årets album av Mixmag.[2] To av singlane frå albumet, «Over and Over» (mars 2006) og «Boy from School» (mai 2006), hamna på UK Singles Chart. «Over and Over» fekk òg ein del merksemd på grunn av musikkvideoen, som var regissert av Nima Nourizadeh. Singelen blei utnemnd som årets singel i 2006 av det britiske musikkmagasinet NME.[3]

Made in the Dark

endre

Bandet gav ut det femte studioalbumet sitt, Made in the Dark, den 4. februar 2008. Den første singelen frå albumet var «Shake a Fist», som blei gitt ut i avgrensa opplag på ein einsides 12" i august 2007. Den andre singelen var «Ready for the Floor» i januar 2008, som hamna på sjetteplass i Storbritannia. I samanheng med reklamekampanjen for «Ready for the Floor» hadde gruppa ein opptreden på tv-programmet Friday Night with Jonathan Ross i januar 2008, og Joe Goddard deltok på Never Mind the Buzzcocks den 31. januar. I februar 2008 opptredde bandet på to amerikanske talkshow, Jimmy Kimmel Live! og Last Call with Carson Daly. Mot slutten av 2008 blei «Ready for the Floor» nominert til ein grammypris for beste dancesong, men tapte for Daft Punk sin «Harder, Better, Faster, Stronger». Den 7. mai 2008 blei den tredje singelen, «One Pure Thought», framført på Live Lounge på britiske Radio 1. Musikkvideoen for songen blei vald som ein av dei beste i 2008 på AllMusic.com.

One Life Stand

endre

Etter å ha fullført ein verdsturné i februar 2009, vende Hot Chip tilbake til London, der dei byrja å skriva og spela inn dei fjerde albuma sitt, One Life Stand.[4]

One Life Stand kom ut den 1. februar 2010.

In Our Heads

endre

Det sjølvproduserte femte studioalbumet, In Our Heads, kom ut den 11. juni 2012 gjennom Domino.[5]

Medlemmer

endre
  • Alexis Taylor – vokalist, synthesizer, gitar, perkusjon, piano
  • Joe Goddard – vokalist, synthesizer, perkusjon (òg med i The 2 Bears)
  • Owen Clarke – gitar, bassgitar, synthesizer, perkusjon
  • Al Doyle – gitar, bakgrunnsvokal, synthesizer, perkusjon, bassgitar, flygelhorn, steel pans (spelte òg gitar, bassgitar, synth, og perkusjon for LCD Soundsystem)
  • Felix Martin – trommemaskin, synthesizer, programmering
  • Sarah Jones (frå New Young Pony Club) - byrja å spela trommar og bakgrunnsvokal under Hot Chip's 2012 tour og var med i den offisielle musikkvideoen for «Night and Day», regissert av Peter Serafinowicz.
  • Rob Smoughton aka Grovesnor - spelte trommar, gitar, perkusjon, bakgrunnsvokal og synth for Hot Chip medan dei turnerte i 2010 og blei medlem av bandet i 2012

Gjestemedlemmer

endre
  • Leo Taylor – trommar (spelar trommar for The Invisible)
  • Charles Hayward – trommar
  • Fimber Bravo – steel pan

Diskografi

endre
  • Coming on Strong (2004)
  • The Warning (2006)
  • Made in the Dark (2008)
  • One Life Stand (2010)
  • In Our Heads (2012)

Prisar og nominasjonar

endre

Grammy Awards

endre
År Nominert verk Pris Resultat
2009 Hot Chip Best Dance Recording for "Ready for the Floor" Nominert

Mercury Prize

endre
År Nominert verk Pris Resultat
2006 Hot Chip Mercury Music Prize Nominert

Virgin Media Music Awards

endre
År Nominert verk Pris Resultat
2010 Hot Chip Beste video for «I Feel Better» Nominert
2010 Hot Chip Beste album for "One Life Stand" Nominert

Kjelder

endre
  1. Gibson, Owen (19. juli 2006). «Mercury judges opt for eclectic shortlist». The Guardian. Henta 16. juni 2012. 
  2. «Mixmag End Of Year Lists:2006». rocklist.net. Henta 16. juni 2012. 
  3. «Hot Chip named track of the year». NME. 10. desember 2006. Henta 16. juni 2012. 
  4. «Hot Chip: New Album 'One Life Stand', Out 8th February!». Facebook. 10. november 2009. Henta 10. november 2009. 
  5. «Hot Chip's New Album In Your Heads Very Soon!». Domino Recording Company. 1. mars 2012. Henta 16. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hot Chip