Refsnes gods
59°26′36.931″N 10°37′0.037200″E / 59.44359194°N 10.61667700000°E
Refsnes gods | |||
| |||
Refsnes Gods 59°26′37″N 10°37′00″E / 59.44361111°N 10.61666667°E |
---|
Refsnes gods er eit gods på Jeløya i Moss kommune. I dag er det hotelldrift i hovudbygningen på det tidlegare godset under namnet Hotell Refsnes Gods. Hovudbygningen vart oppført i 1767 og er lett å kjenne att på dei to tårna. Han vart teken i bruk som lystgard av andre generasjon Chrystie, ei slekt som opphavleg kom frå Skottland.
Hotellet har sju originalverk av Edvard Munch, mellom dei «Blå kjole» og to litografi som vart stolne i mars 2005, men funne att kort tid etterpå. Hotellet har elles ei samling med kunst av mellom andre Jakob Weidemann, Frans Widerberg, Nico Widerberg, Per Ung og amerikanske Andy Warhol. Kvart rom er utsmykka med ein eigen kunstnar. Hotellet er også kjent for kjøkenet og vinkjellaren.
Namnet Refsnes stammar frå Rif, rev, etter ei grunne som går ut i fjorden utanfor hotellet.
Bilete
endre-
Selskap på Refsnes Gods på 1800-talet
-
Interiør frå 1800-talet
-
Refsnes gods sett framanfrå
-
Frå Refsnes strand på Jeløya
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Refsnes Gods» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2013.
- ↑ «Mossinger bør begynne å applaudere Moss». Moss Avis. Henta 6. september 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Informasjon om Chrystie-familien Arkivert 2007-10-31 ved Wayback Machine.
- Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv