Hubert Strolz (fødd 26. juni 1962) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Warth i Vorarlberg som vann ein gull- og ein sølvmedalje under dei olympiske leikane 1988, og VM-sølv året etter.

Hubert Strolz
Strolz Hubert 01.jpg
Fødd 26. juni 1962
Warth
Yrke alpinist
Hubert Strolz på Commons

AktivEndra

Strolz VM-debuterte med ein tiandeplass i storslalåm under VM i alpine greiner 1982 i Schladming. To år seinare vart han nummer seks i same øvinga under Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I VM i alpine greiner 1987 nærma han seg ytterlegare ein medaljeplass med fjerdeplass i storslalåm og femteplass i super-G.

Under Vinter-OL 1988 i Calgary vann Strolz gullmedaljen i kombinasjonen. I storslalåm tok han sølvmedaljen, bakom Alberto Tomba frå Italia. Også i super-G kjempa Strolz om medalje, men enda tre hundredels sekund bakom bronsemedaljøren og vart nummer fire. Året etter kopierte han super-G-plasseringa under VM i alpine greiner 1989 i Vail i USA.

Strolz fremste prestasjon under vinterleikane 1992 i Albertville vart ein delt niandeplass i storslalåm. Langt betre gjorde han det under VM i alpine greiner 1993 i japanske Morioka, der han vart nummer fire i slalåm og seks i storslalåm.

Strolz vart nummer tre i verdscupen i alpine greiner 1988, bakom sveitsaren Pirmin Zurbriggen og Alberto Tomba frå Italia. Same sesongen noterte Strolz seg for sin einaste siger i verdscupen då han, 17. januar 1988, kleiv til topps på pallen etter kombinasjonen i Bad Kleinkirchheim. Til gjengjeld hadde han heile 14 andreplassar og 18 tredjeplassar etter andre verdscuprenn.

Han la bort konkurranseskia i 1994.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar