Hughie Thomasson

amerikansk songar og gitarist

Hugh Edward «Hughie» Thomasson jr. (13. august 19529. september 2007)[1][2] var ein USA-amerikansk gitarist og songar, mest kjend som opphavleg medlem av Outlaws. Bandet hadde suksess i 1970-åra og tidleg i 1980-åra med ei rekkje hittar. Han var gitarist i Lynyrd Skynyrd i 1990-åra og inn i 2000-åra.

Hughie Thomasson
HughieThomasson06.jpg
Thomasson i 1970-åra
Fødd13. august 1952(1952-08-13)
FødestadBuchanan i Virginia i USA
Død9. september 2007 (55 år)
DødsstadBrooksville i Florida i USA
FødenamnHugh Edward Thomasson Jr.
OpphavUSA
Aktiv1967–2007
SjangerSouthern rock, hardrock, bluesrock
InstrumentGitar, vokal, banjo
Tilknytte artistarOutlaws, Lynyrd Skynyrd
PlateselskapArista
Verka somMusikar, låtskrivar

Thomasson skreiv fleire av songane til Outlaws, mellom anna dei mest populære songane som «Hurry Sundown», «There Goes Another Love Song» og «Green Grass and High Tides».

Thomasson døydde medan han sov 9. september 2007 av eit hjarteinfarkt i Brooksville i Florida, berre 55 år gammal.

KjelderEndra

  1. Flippo, Chet (11. september 2007). «Southern Rock Pioneer Hughie Thomasson Dies in Florida Guitarist Founded the Outlaws and Later Joined Lynyrd Skynyrd». CMT News. 2010 MTV Networks. Henta 13. desember 2020. 
  2. Social Security Death Index