Musikkgruppa Outlaws

Outlaws er eit USA-amerikansk southern rock/countryrockband, mest kjend for hitten sin «There Goes Another Love Song» frå 1975 og dne lange gitardominerte songen «Green Grass and High Tides» frå debutalbumet deira same året, i tillegg til versjonen deira av den klassiske songen «(Ghost) Riders in the Sky».

Outlaws
TheOutlawsHughieChris06.jpg
Hughie Thomasson og Chris Anderson i The Outlaws på scenen i Stuart i Florida. 13. august 2006
OpphavTampa i Florida i USA
Aktiv1967–1971, 1972–1996, sidan 2005
SjangerSouthern rock, countryrock
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd, Molly Hatchet, BlackHawk
PlateselskapArista, Cleopatra[1]
Medlemmer
Tidlegare medlemmer

Tidleg historieEndra

The Outlaws vart skipa i Tampa i Florida i USA i 1967 av gitaristene og songarane Frank Guidry, Hughie Thomasson, Herbie Pino og Hobie O'Brien, trommeslagaren David Dix og bassisten Phil Holmberg. Før Guidry kom inn i bandet heitte gruppa The Four Letter Words. Han hadde tidlegare spelt i eit band med same namn. Tidleg i 1968 slutta både O'Brien og Holmberg i bandet for å gifta seg, og Frank O'Keefe kom inn på bass og vokal. Seinare det året vart Tommy Angarano med i The Outlaws for Pino, og tok med seg eit Hammondorgel, i tillegg til at han òg song. Men etter han slutta vart Pino henta inn att. Våren 1968 tok den første manageren deira, Paul Deutekom, dei til Epic Studios i New York City for å spele inn eit album, men dette kom aldri ut etter at bandet og produsenten byrja å krangle. Gruppa drog attende til Tampa og fekk seg så ein avtale med Criteria Studios i Miami. Der spelte dei inn eit anna album med produsenten Phil Gernhard. Men heller ikkje dette albumet vart gjeve ut og Gernhard forsvann kort tid etter. Som ein del av avtalen med Gernhard, vart bassist Ronny Elliott henta inn, medan Guidry vart tvungen ut. Elliott spelte bass medan O'Keefe ei kort stund byta til gitar. Men O'Keefe gjekk attende til bass etter at Elliott slutta i 1969, og Herb Pino, som hovudsakleg hadde vore songar fram til då, byrja å spele gitar i tillegg. Trommeslagaren Monte Yoho kom òg inn i bandet same året som erstattar for Dix.

Tidleg i 1970 fekk The Outlaws inn to medlemmar frå The Dave Graham Group, som òg hadde Paul Deutekom som manager. Leiaren i The Dave Graham Group var Monte Yoho, men han vart ikkje invitert med i denne besetninga. Tidleg i 1970 bestod Outlaws av Hughie Thomasson, Frank O'Keefe, Dave Dix, Billy Jones og Dave Graham. Graham var avgjerande for å flytte gruppa mot countryrock, særleg musikkstilen til Poco. Dei spelte inn ein versjon av The Doors-songen «Five to One» under ei prøvespeling for ein plateavtale det aldri vart noko av. Denne besetningen enda våren 170 og gruppa gjekk til slutt kvart til sitt og slutta samarbeidet med Deutekom. Yoho og Herb Pino kom attende, men i 1971 fekk gruppa få konserttilbod og gruppa tok seg nok ein pause utan å vere sikre på om dei kom til å halde fram eller ikkje.

I 1971 kom Henry Paul, ein song og gitarist opphavleg frå Hurley i New York med oppvekst i Tampa-området, attende frå eit opphald i Greenwich Village i New York City, for å skipe countryrockgruppa Sienna. Han fekk med seg Monte Yoho og Frank O'Keefe. I 1972 kom òg Hughie Thomasson attende frå eit kort opphald i New York, der han hadde spelt med visesongaren Milton Carroll, og i lag med Paul, Yoho og O'Keefe vart Sienna eit nytt Outlaws.

Billy Jones, som stundom spelte med gruppa på orgel i 1971 og 1972, kom attende frå eit opphald i Boulder i Colorado i 1973 og byta til gitar. Det gav opphav til den første gitartrioen i bandet, som sidan vart kalla «The Florida Guitar Army». O'Keefe slutta i gruppa ein periode i 1973-1974. Buzzy Meekins og ein annan bassist, Rick Birkbeck, erstatta han fram til han kunne kome tilbake. I 1974 vart Charlie Brusco manager for Outlaws. Alan Walden (bror til Capricorn Records-grunnleggjaren Phil Walden) vart gjort merksam på bandet av frontmannen i Lynyrd Skynyrd, Ronnie Van Zant, og han slo seg saman med Brusco som med-manager.

Bandet fekk først kontrakt med Arista Records under Clive Davis. Davis var i publikum på ein konsert i 1974 der bandet varma opp for Lynyrd Skynyrd i Columbus i Georgia. På veg inn på scenen for å starte Lynyrd Skynyrd-konserten, sa solovokalisten Ronnie Van Zant til Clive Davis som var der med Charlie Brusco at «Om du ikkje signerer The Outlaws, er du den dummaste personen eg nokon gong har møtt, og det veit eg du ikkje er.»[2]

Dei tidlegaste velkjende songane til The Outlaws var «There Goes Another Love Song» og «Green Grass and High Tides», begge frå debutalbumet deira The Outlaws frå 1975.

KarriereEndra

 
Thomasson og Jones

Sjølv om The Outlaws hovudsakleg vert rekna som eit Southern rock-band, skilde dei seg ut både i kva retning dei tok og kvar retning dei kom frå. Den viktigaste likskapen til andre southern rock-band var dei doble sologitarane, som var karakteristisk for mange southern rock-band. Men The Outlaws hadde ei blanding av country og rock med vokalharmoniar inspirert av grupper som Buffalo Springfield, The Byrds, Eagles, New Riders of the Purple Sage og Poco. Dei brukte harmoniar i tre eller fire delar, som skilde dei frå andre southern rock-band, som i hovudsak brukte ein solovokalist.

Gitarspelinga til Hughie Thomasson definerte stilen til bandet. Han brukte ein Fender Stratocaster (og stundom ein Telecaster) spelt i ein delvis countrystil style blanda med flytande, kjappe blues-tonar. Hughie fekk kallenamnet «The Flame» for det flammande, kjappe gitarspelet sitt. Han er i dag innlemma i Fender Hall of Fame.

Den andre sologitaristen, Billy Jones, spelte hovudsakleg ein Gibson Les Paul og byta mellom ein rein og ein vrengd lyd. Eit godt døme på dette kan ein høyre på «Green Grass and High Tides» i høgre stereokanal. Den markante Stratocaster-lyden til Hughie Thomasson kan ein høyre i venstre kanal. Thomasson opnar den første soloen i introduksjonen av songen og speler den første halvdelen av dei to lengre soloane, alle i høgre kanal.

Platene bandet gav ut mellom 1975 og 1980 vert rekna som den beste representasjonen av stilen deira. Bandet spelte på suksessrike konsertturnear med andre band utafor southern rock-miljøet, og varma mellom anna opp for The Who på 'Who Boots In'-turneen i 1976. Denne konrasten av stilar var meir vanleg den gongen enn i dag, og førte til at Outlaws vart spreidd for eit breiare publikum i USA.

The Outlaws-stilen er karakteristisk på dei tre første albuma deira, The Outlaws (1975), Lady in Waiting (1976) og Hurry Sundown (1977). Desse vert rekna som dei beste albuma deira med den «klassiske besetninga», utanom O'Keefe, som vart erstatta av den venstrehendte bassisten Harvey Dalton Arnold på Hurry Sundown. Henry Paul slutta etter det tredje albumet deira i 1977 og skipa sidan The Henry Paul Band, som gav ut fire album frå 1979 til 1982. Då karrieren gjekk nedover for bandet etter 1980, slutta Billy Jones i 1981. Henry Paul kom attende i 1983.

Albuma som kom ut etter 19890 vert rekna som gradvise steg bort frå den opphavlege stilen deira frå 1970-åra. Den omarbeidde versjonen av «Ghost Riders» i 1980 vart den siste store hitten deira, men dei gav ut to album til, Los Hombres Malo i 1982 og Soldiers of Fortune i 1986.[3] Mot slutten av 1980-åra var Thomasson det einaste originale medlemmet att i bandet. Albumet Diablo Canyon kom ut i 1994 på eit lite, sjølvstendig selskap. Bandet spelte no stort sett på små klubbar og førte til at Thomasson tok i mot invitasjonen frå Lynyrd Skynyrd som gitarist i 1996. Dette sette i røynda Outlaws på sida dei neste ti åra. I 2000 gav Diablo Canyon-besetninga ut albumet So Low.

Henry Paul skipa countrybandet BlackHawk, som hadde litt suksess i 1990-åra.

I april 2005 kom den klassiske besetninga med Hughie Thomasson, Henry Paul, Monte Yoho og David Dix saman att som Outlaws, i tillegg til gitaristen Chris Anderson, bassisten Randy Threet og Dave Robbins på klaverinstrument. Dei siste tre hadde spelt med Paul i BlackHawk. Dei to andre medlemmane i den klassiske besetninga, gitaristen Billy Jones og bassisten Frank O'Keefe, hadde døydd i 1995, O'Keefe av ein overdose og Jones av sjølvmord kort tid etter. Dei spelte på Charlie Daniels Volunteer Jam-turneen sommaren 2007. Bandleiaren Hughie Thomasson døydde 9. september 2007 av eit hjarteinfarkt i Brooksville i Florida.[4]Dei spelte inn eit studioalbum, Once an Outlaw, før Thomasson døydde, som aldri er komen ut.

I 2008 bestod Outlaws av Henry Paul (gitar/vokal), Monte Yoho (trommer), Chris Anderson (gitar/vokal) og Randy Threet (bass), i tillegg til Billy Crain (gitar), Jon Coleman (klaverinstrument) og Brett Cartwright (bass). Cartwright slutta i bandet kort tid etter. Dette var den første besetninga til Outlaws utan Hughie Thomasson. Bandet turnerte i 2008-2010.

25. september 2012 kom studioalbumet It's About Pride ut. Det kom i lag med ein DVD-dokumentar om innspelinga av albumet, kalla Hidin' Out In Tennessee. Bandet var no leia av Henry Paul. Sologitarist Billy Crain kom inn i bandet for denne innspelinga, men han slutta i 2013, og Steve Grisham, som spelte på albumet Soldiers of Fortune i 1986, kom inn som gitarist.

I 2016 gav Outlaws ut konsertalbumet Legacy Live.

I 2018 erstatta Dale Oliver (gitar), som tidlegare hadde spelt med BlackHawk, Chris Anderson.

MedlemmarEndra

Noverande medlemmar
  • Monte Yoho – trommer, perkusjon (1969, 1970–1979, sidan 2005)
  • Henry Paul – gitar, vokal (1972–1977, 1983–1989, 2005–2006, sidan 2008)
  • Steve Grisham – gitar, vokal (1983–1986, sidan 2013)
  • Dave Robbins – klaverinstrument, korvokal (2005–2006, sidan 2010)
  • Randy Threet – bass, vokal (sidan 2005)
  • Dale Oliver – gitar (sidan 2018)
Tidlegare medlemmar

  • Hughie Thomasson – gitar, vokal, pedalsteelgitar, banjo (1967–1996, 2005–2007; døydde 2007)
  • Frank Guidry – opphavleg medlem - solovokal, gitar (1967–1968)
  • Herb Pino – gitar, vokal (1967–1970, 1971–1972; døydde 2014)
  • David Dix – trommer, perkusjon (1967–1969, 1970, 1977–1987, 2005–2007)
  • Phil Holmberg – bass (1967)
  • Hobie O'Brien – gitar (1967)
  • Frank O'Keefe – bass, gitar, vokal (1967–1973, 1974–1976; døydde 1995)
  • Tommy Angarano – Hammond B3, vokal (1968)
  • Ronny Elliot – bass (2 veker-1968)
  • Dave Graham – gitar, piano, vokal (1970)
  • Billy Jones – gitar, klaverinstrument, vokal (1971, 1972–1981; døydde 1995)
  • Buzzy Meekins – bass (1973–1974; døydde 2015)

  • Rick Birkbeck – bass (1974)
  • Harvey Dalton Arnold – bass, vokal (1976–1980)
  • Freddie Salem – gitar, vokal (1977–1983)
  • Rick Cua – bass, vokal (1980–1983)
  • Mike Duke – klaverinstrument, vokal (1980–1981)
  • Bob Jenkins – gitar, vokal (1983)
  • Chuck Glass – bass, klaverinstrument, vokal (1983–1987)
  • Chris Anderson – gitar, vokal (1986–1989, 2005–2018)
  • Roy McDonald – bass (1987)
  • Anthony «Nino» Catanzaro – bass, vokal (1987, 1989–1990, 1992–1993)
  • Barry «B. B.» Borden – trommer, perkusjon (1987–1995)
  • Steve Kaye – bass (1988)
  • Rich Parks – gitar, vokal (1988; gjest - 1991)
  • Ean Evans – bass, vokal (1988–1989, 1992; døydde 2009)
  • David Lane – gitar (1989), fiolin (gjest - 1982)

  • Billy Yates – gitar, vokal (1989–1991)
  • Billy Greer – bass, vokal (1990)
  • Chris «Hitman» Hicks – gitar, vokal (1990–1996)
  • Rob Carroll – bass, vokal (1990–1992)
  • Timothy Cabe – gitar, vokal (1991–1993)
  • Eric Wynne – bass (1992)
  • Jeff Howell – bass, vokal (1993–1996)
  • Billy Davis – gitar, vokal (1993–1994)
  • Sean Burke – trommer, perkusjon (1995)
  • Frank Thomas – vikar på trommer (1995)
  • Kevin Neal – trommer (1995–1996)
  • Steven Elliot – stand-in gitarist (1996)
  • Ric Toole – gitar (2006)
  • Billy Crain – gitar, vokal (2008–2013)
  • Jon « Squirrel» Coleman – klaverinstrument, korvokal (2008–2010)
  • Brett Cartwright – bass (2008)

TidslinjeEndra

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

KonsertalbumEndra

SamlealbumEndra

Billboard Hot 100-singlarEndra

  1. «There Goes Another Love Song» (1975) - 34. plassen i USA - 30. plassen i Nederland
  2. «Breaker-Breaker» (1976) - 94. plassen i USA - 19. plassen i Nederland
  3. «Hurry Sundown» (1977) - 60. plassen i USA
  4. «(Ghost) Riders in the Sky» (1980) - 31. plassen i USA

VideoarEndra

  • Outlaws Video LP - konsert - VHS (1983)

KjelderEndra

  1. «The Outlaws | Album Discography». AllMusic. Henta 13. desember 2020. 
  2. «Hughie Thomasson obituary». Times Online (Times Newspapers Ltd.). 2. oktober 2007. Henta 13. desember 2020. 
  3. Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 926. ISBN 1-85227-745-9. 
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2007-09-23. Henta 13. desember 2020. 
  5. «Outlaws: Songs, Albums, Pictures, Bios». Amazon.com. 1. januar 1970. Henta 9. april 2012. 

BakgrunnsstoffEndra