Hugo Parr (fødd 23. april 1947) er ein norsk fysikar og embetsmann.

Hugo Parr
Fødd23. april 1947
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, politikar, sjakkspelar
InstitusjonarNorges Tekniske Vitenskapsakademi
Alma materUniversity of Washington
Universitetet i Oslo

Han tok doktorgraden ved Universitetet i Oslo i 1976, og var tilsett same stad fram til 1978. Han har særleg arbeidd med faststoff-fysikk. Han vart byråsjef Olje- og energidepartementet frå 1978 til 1984, og laboratoriesjef ved Det norske Veritas frå 1984 til 1986, då han vart avdelingsdirektør ved Statens Teknologiske Institutt. I 1987 vart han ekspedisjonssjef i Næringsdepartementet og i Nærings- og energidepartementet frå 1992. Hugo Parr har vore ekspedisjonssjef og leiar for ulike avdelingar i Næringsdepartementet, og gjekk i 2004 over til Moderniseringsdepartementet, der han leia Avdeling for IT-politikk. Han har vore medlem i fleire råd og utval, mellom anna ekspertgruppe for forsking og utvikling i IEA frå 1978 til 1984, ekspertgruppa for forsking og utvikling i EFTA frå 1988, og i rådet til ESA frå 1995 (formann 1996–1999).

President i Norges Sjakkforbund endre

Hugo Parr var president i Norges Sjakkforbund frå 2001 til 2004.