Huilliche
Huilliche [wi.ˈʝi.tʃe], huiliche eller huilliche-mapuche er ei amerikansk urfolksgruppe rekna som den sørlege delen av den makroetniske mapuche-folkegruppa i Chile og Argentina.[1] Dei lever både i Futahuillimapu («det store landet i sør»)[1] og, som undergruppa cunco eller veliche,[2][3] på den nordlege halvleiken av Chiloé-øya.[4]
Huilliche er den viktigaste urfolksgruppa i desse regionane. Omgrepet huilliche tok til å bli brukt på spansk etter den andre grunnlegginga av Valdivia i 1645, og tilpassa bruken av mapuche frå Araucanía for dei sørlege mapuche-stammane.[1]
Huilliche betyr 'sørlendingar' (mapudungun willi 'sør' og che 'menneske'.) Ein genetisk studie viste store tilknytingar mellom huilliches og urfolk aust for Andesfjella, noko som ymtar om, men ikkje beviser, eit delvis opphav i dagens Argentina.[5]
I løpet av 1500-, 1600- og 1700-talet lykkast fastlandets-huilliche generelt med å motstå spanske inngrep. Etter at huilliche-opprøret i 1792 vart avgjerande overvunne, vart territoriet deira gradvis opna for europeisk busetjing. I dag snakkar dei fleste huilliche-folk spansk, men nokon, spesielt eldre vaksne, snakkar huilliche-språket.[6] Laurelia sempervirens, kjent på huilliche som triwe og på spansk som laurbær, er det rituelle treet til huilliche i Futahuillimapu.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Huilliche people» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2023
- Følgjande online kjelder var gjevne:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Alcamán, Eugenio (1997). «Los mapuche-huilliche del Futahuillimapu septentrional: Expansión colonial, guerras internas y alianzas políticas (1750–1792)» (PDF). Revista de Historia Indígena (på spansk) (2): 29–76.
- ↑ Urbina, Ximena, Reyes, Omar, & Belmar, Carolina A.. (2020). Canoeros en Chiloé: De Facilitadores de Las Navegaciones Españolas en los Archipiélagos de los Chonos y de Guayaneco, A Productores y Comerciantes, 1567-1792. Chungará (Arica), 52(2), 335-346. https://dx.doi.org/10.4067/S0717-73562020005000702
- ↑ Contreras Oyarzún, Constantino. (2009). Renato Cárdenas Álvarez y Jorge O. Vásquez V. Collags, poesía mapuche de Chiloé. Aproximaciones socioculturales a una compilación de poesía veliche hecha por Elias Necul de Caguach en 1887. Alpha (Osorno), (29), 317-321. https://dx.doi.org/10.4067/S0718-22012009002900022
- ↑ «Poblaciones costeras de Chile: marcadores genéticos en cuatro localidades». Revista Médica de Chile 126 (7). 1998. doi:10.4067/S0034-98871998000700002.
- ↑ Rothhammer, Francisco; Puddu, Giannina; Fuentes-Guajardo, Macarena (2017). «¿Puede el ADN mitocondrial proporcionar información sobre la etnogénesis de los pueblo originarios chilenos?» [Can mitochondrial DNA provide information on the ethnogenesis of Chilean native populations?]. Chungará (på spansk) 49 (4). doi:10.4067/S0717-73562017005000028.
- ↑ «Huilliche». Ethnologue. Henta 16. mars 2023.