Hums of the Lovin' Spoonful

Hums of the Lovin' Spoonful
Studioalbum av The Lovin' Spoonful
Språk engelsk
Utgjeve November 1966
Innspelt 1966
Studio Bell Sound Studios og Columbia Studios i New York City og i Los Angeles
Sjanger Folkrock, pop
Lengd 26:48
Selskap Kama Sutra
Produsent Erik Jacobsen
The Lovin' Spoonful-kronologi 
What's Up, Tiger Lily?
(1966)
Hums of the Lovin' Spoonful You're a Big Boy Now
(1967)


Hums of the Lovin' Spoonful er det tredje studioalbumet til folkrockbandet The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1966. Det nådde 14. plassen på Billboard Pop Albums-lista.

Historie endre

Bandet prøvde å spele inn Hums i forskjellige stilartar. Dei komponerte og spelte pop, country, jugband, blues og folkemusikk. Det vart det siste fulle prosjektet til den originale besetninga i bandet. Albumet vart stort sett spelt inn i New York med unntak av «Lovin' You», som vart spelt inn i Los Angeles.[1]

Albumet inneheld fire hitsinglar for banet, mellom andre «Summer in the City» som gjekk heilt til topps på singellista. «Rain on the Roof», «Nashville Cats» og «Full Measure» gjekk òg inn på poplista, alle utanom den siste på topp 10. Bobby Darin fekk ein topp 40-hit med ein versjon av «Lovin' You». Johnny Cash og June Carter Cash spelte seinare inn «Darlin' Companion» i 1969 på Johnny Cash at San Quentin. Den fremste låtskrivaren John Sebastian sa om «Nashville Cats» — som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 — «Me tenkte at versjonen vår kom til å gå over til countrymarknaden. Men det gjorde han ikkje. Så eg tenkjer det fortalte oss kva vi var og kva vi ikkje var.» Flatt & Scruggs tok «Nashville Cats» til 54. plassen på countrylista som singel.[1] Dolly Parton spelte «Lovin' You» i 1977 på albumet hennar Here You Come Again.

Hums of the Lovin' Spoonful kom ut att i 2003 på Sundazed med bonusspor.[2]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      [3]

I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlman om albumet: «Albumet kan meir skildrast som ei laus samling av songar enn eit samanhengande album, sjølv om Sebastian var med å skrive alle songane og syng på dei fleste av dei. Det var meint å vere slik, sidan Sebastian og co gjekk i studio for å prøve å gjere noko forskjellig kvar gong. Dei klarte det ofte...»[3]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av John Sebastian, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lovin' You» 2:29
2.«Bes' Friends» 1:54
3.«Voodoo in My Basement» 2:29
4.«Darlin' Companion» 2:22
5.«Henry Thomas» 1:43
6.«Full Measure»Steve Boone, Sebastian2:42
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Rain on the Roof» 2:13
8.«Coconut Grove»Sebastian, Zal Yanovsky2:43
9.«Nashville Cats» 2:35
10.«4 Eyes» 2:53
11.«Summer in the City»J. Sebastian, Mark Sebastian, Boone[4][5]2:45
Bonusspor på 2003-versjonen
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Darlin' Companion» (John Sebastian Solo Demo) 2:23
13.«Rain on the Roof» (Instrumental) 2:17
14.«4 Eyes» (Alternate Vocal/Extended Version) 3:41
15.«Full Measure» (Instrumental)Boone, Sebastian2:43
16.«Voodoo in My Basement» (Instrumental) 2:40
17.«Darlin' Companion» (Alternate Vocal/Alternate Mix) 2:25

Medverkande endre

Teknisk endre

Fotnotar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hums of the Lovin' Spoonful notat i omslaget av Dennis Diken, januar 2003.
  2. Allmusic entry for Do You Believe in Magic and Hums re-release.
  3. 3,0 3,1 Ruhlman, William. «Hums of the Lovin' Spoonful > Review». Allmusic. Henta 23. mars 2019. 
  4. «Summer In The City». Allmusic. Henta 30. august 2012. 
  5. «Hums of the Lovin' Spoonful». Allmusic. Henta 30. august 2012.