Hungersnauda i Bengal i 1943

Under hungersnauda i Bengal i 1943 døydde truleg fleire millionar menneske. Bengal var del av britisk styrte India, og omfattar noverande Bangladesh og indiske Vestbengal.

Dei britiske styresmaktene frykta eit japansk åtak, og innførte åtgjerder for å lagre mat til britiske soldatar. I tillegg vart det gjennomført ein brend-jord-politikk i Chittagong-regionen. Store mengder ris vart òg eksporterte til Midtausten for å fø britiske styrkar der, og likeins til Ceylon, som var hovudkvarter for dei britiske styrkane i området. Verknadene av ein syklon vart forverra av mateksporten.

Den prisvinnande økonomen Amartya Sen meiner at det ikkje var nokon generell avlingssvikt i Bengal i 1943 og at hungersnauda var skapt av styresmaktene sin politikk. Det vart ikkje sett i verk særlege tiltak mot massedøden. Den britiske regjeringa syntest vere likesæl til det som skjedde. Churchill si rolle i dette er omdiskutert.

Men mateksporten heldt fram, det vart ikkje innført overskotsmat frå andre stader i britisk India, det vart ikkje konfiskert frå lagra til spekulantane og det var ikkje noka omfordeling til fordel for dei som svalt.

Hungersnauda i Bengal i 1943 kan sjåast i samanheng med tidlegare svoltkatastrofar i britisk India. Medan britane styrte India var det om lag 25 store hungersnauder i landet, og det er anslått at opptil 30 til 40 millionar indarar døydde i desse. Etter at India vart sjølvstendig i 1947 har det ikkje vore slike hungersnauder i landet.

Det har vorte hevda at sjølv om avlinga i 1943 var relativt låg, var ho ikkje utanom det normale spekteret, og like låge avlingar hadde tidlegare ikkje i seg sjølve ført til hungersnaud. Andre faktorar enn berre avlingssvikt kan såleis hevdast å vere årsaker til katastrofen.

Kjelder endre