Hurghada (arabisk الغردقة, El Ġardaqa) er ein by i Egypt. Byen ligg på vestkysten av Raudehavet og er hovudstaden i guvernementet Al-Bahr al-Ahmar. Hurghada lever hovudsakleg av turisme.

Hurghada, الغردقة
Horisonten til Hurghada
Horisonten til Hurghada
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
Al-Bahr al-Ahmar
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

160,746
Koordinatar 27°15′28″N 33°48′42″E / 27.25778°N 33.81167°E / 27.25778; 33.81167
Høgd over havet 11 m
Tidssone +2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.hurghada.com

Næringsliv endre

Dei store turistattraksjonane i byen er strendene langs Raudehavet og korallreva. Her finst også gode høve til snorkling og dykking. Ikkje langt frå Hurghada-kysten ligg det fleire koralløyar. Nord, aust og sør for byen er det hovudsakleg ørken, og byen har då også eit varmt ørkenklima.

I Hurghada finst det i dag ei rekkje hotell, og hotella eig størsteparten av strendene langs kysten. I tillegg finst her kjøpesenter, basargater og internasjonal flyplass. Byen har vegsamband nordover mot Kairo og Suez og sørover mot grensa til Sudan. Ferjesamband mellom Hurghada og Sharm el-Sheikh,[1] samt mellom Hurghada og Sinaihalvøya.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Touregypt.net om egyptiske ferjesamband
  2. Hurghada.com/info (engelsk), arkivert frå originalen 13. april 2012, henta 27. april 2012