Hurt av Roy Hamilton
Hurt Singel av Roy Hamilton | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1954 | |
Sjanger | R&B | |
Selskap | Epic 9086 | |
Komponist | Jimmie Crane, Al Jacobs | |
Tekstforfattar | Jimmie Crane, Al Jacobs | |
Låtskrivar(ar) | Jimmie Crane Al Jacobs | |
---|---|---|
Roy Hamilton-kronologi | ||
«Ebb Tide» (1954) |
Hurt | «Unchained Melody» (1955)
|
«Hurt» er ein song frå 1954 av Jimmie Crane og Al Jacobs. «Hurt» vart først framført av Roy Hamilton, og versjonen hans nådde åttaneplassen på R&B Best Seller-lista og låg i alt sju veker inne på lista.[1] Songen vert rekna som ein signaturlåt for Timi Yuro, som nådde fjerdeplassen på Billboard pop-lista i 1961. Juice Newton sin versjon frå 1985 gjekk til topps på countrylista.
Andre versjonar
endreHurt Singel av Juice Newton frå albumet Old Flame | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1985 | |
Innspelt | August 1985 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | RCA 14199 | |
Komponist | Jimmie Crane, Al Jacobs | |
Tekstforfattar | Jimmie Crane, Al Jacobs | |
Produsent | Richard Landis | |
Juice Newton-kronologi | ||
«You Make Me Want to Make You Mine» (1985) |
Hurt | «Old Flame» (1986)
|
- I 1961 gjekk Timi Yuro sin versjon av «Hurt» opp til fjerdeplassen på Billboard Hot 100,[2] andreplassen på Billboard Easy Listening-lista[3] og 22. plassen på R&B-lista.[4]
- I 1964 spelte Little Anthony and the Imperials inn ein versjon på albumet deira «Goin' Out Of My Head».[5] Denne versjonen vart ein liten hit og nådde 51. plassen på Billboard Hot 100, to år seinare (1966).[6]
- I 1964, Alain Barriere - «Ma vie» (fransk versjon).
- I 1967, Dalida - «A qui»; (Hurt).
- I 1967 fekk den italienske songaren Fausto Leali ein personleg triumf med ein lokal versjon kalla «A chi» som vart den bestseljande singelen i Italia det året.
- I 1973 gav Bobby Vinton ut ein versjon av «Hurt». Vinton sin versjon gjekk til topps i Flamsk Belgia,[7] og tredjeplassen i Nederland,[8] og 40. plassen på Billboard Easy Listening-lista.[9] Songen kom ut i 1974 på albumet hans With Love.
- I 1976 spelte Elvis Presley inn songen. Presley sin versjon nådde 28. plassen på Billboard Hot 100,[10] og sjuandeplassen på Billboard Easy Listening-lista,[11] sjetteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista,[12] og 37. plassen UK Singles Chart.[13]
- I 1976 spelte The Manhattans inn songen for albumet The Manhattans. Versjonen deira nådde 10. plassen på Billboard R&B-lista og fjerdeplassen på den britiske singellista.[14]
- I 1981 spelte Carly Simon inn songen for Torch og vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet.
- I 1986 fekk Juice Newton den tredje countryhitten sin på toppen av lista me sin versjon av «Hurt.»[15]
- I 2003 song den italienske songaren Francesco De Gregori «A chi», ein versjon av «Hurt» på albumet Mix.
- I 2015 spelte Patrizio Buanne inn songen i ein italiensk-engelsk versjon kalla «A Chi (Hurt)» for albumet hans Viva la Dolce Vita.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hurt (Roy Hamilton song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 243.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 695.
- ↑ Timi Yuro - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Hurt - By: Timi Yuro[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Video på YouTube
- ↑ Little Anthony & the Imperials - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Bobby Vinton - Hurt, Ultratop. Henta 26. juni 2017
- ↑ Bobby Vinton - Hurt, Nederlandsk Charts. Henta 26. juni 2017
- ↑ Bobby Vinton - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Elvis Presley - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Elvis Presley - Chart History - Adult Contemporary, Billboard.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Hurt - By: Elvis Presley[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Elvis Presley - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 26. juni 2017
- ↑ Hurt - By: The Manhattans[daud lenkje], MusicVF.com. Henta 26. juni 2017
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 248.