Jakob V av Skottland

Jakob V av Skottland (10. april 151214. desember 1542) var ein skotsk konge som kom på trona i 1513, då han berre var eitt år gammal. Han var son av Jakob IV av Skottland og Margareta av England.

Jakob V av Skottland

Fødd10. april 1512
FødestadLinlithgow Palace
Død14. desember 1542
DødsstadFalkland Palace
GravstadHolyrood Abbey, Edinburgh
Gift medMagdalena av Valois, Maria av Guise
DynastiHuset Stuart
FarJakob IV av Skottland
MorMargaret Tudor
BornRobert Stewart, 1st Earl of Orkney, James Stuart Moray, Maria I av Skottland, Jean Stewart, Adam Stewart, Robert Stewart, Margaret Stewart, James Stewart, John Stewart, James Stewart, James, hertug av Rothesay, Arthur Stewart, Duke of Albany

Medan han var mindreårig blei landet styrt av ei aristokratisk formyndarregjering.

Jakob orienterte seg utanrikspolitisk mot Frankrike. Begge konen hans kom derfrå.

I 1542 braut det ut krig mellom Skottland og England. Krigen enda med eit katastrofalt nederlag for Skottland.

Kort tid etter krigsnederlaget døydde Jakob V. Han etterlét seg berre eitt ektefødd barn, dottera Maria Stuart. Det er blitt hevda at kongen døydde av sorg på grunn av nederlaget i krigen mot England.

Ektefellar

endre
  1. Gift med Madeleine (fødd 1520, død 1537, dotter av Frans I av Frankrike)
  2. Gift i 1538 med Maria av Guise. Dei fekk dottera Maria Stuart

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Alex Maxwell Findlater: «James V's Presentation of Scotland and Himself to Both Europe and His Lieges», Genealogica & Heraldica. Influence on Genealogy and Heraldry of Major Events in the History of a Nation. Proceedings of the XXXIst International Congress of Genealogical and Heraldic Sciences, Oslo 2014, utgitt av Slektshistorisk forlag i 2015, side 265-270

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jakob V av Skottland