Opna hovudmenyen

Huttelva (maori Te Awakairangi, Te Wai o Orutu eller Heretaunga)[1] er ei elv som renn gjennom den sørlege delen av NordøyaNew Zealand. Ho renn mot sørvest frå sør i Tararua Range i 56 km, og dannar fleire grøderike elevesletter, mellom desse Kaitoke, sentrale del av Upper Hutt og Lower Hutt.

Hutt
elv
Huttriver.jpg
Huttelva nær Avalon Park.
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Nedslagsfelt 647,5 km²
Renn gjennom Upper Hutt, Lower Hutt
Sideelvar Akatarawaelva, Mangaroaelva
Lengd 56 km
Kjelde Sør i Tararua Range
Munning Ved Petone i Wellington Harbour
 - høgd moh.
Wikimedia Commons: Hutt River (New Zealand)

Kjeldene til elva, i Kaitoke Regional Park, er stengde for å ivareta kvaliteten på drikkevatnet som vert tappa ved Kaitoke for å forsyna Wellington-området. Nedanfor Kaitoke ligg elvejuvet Kaitoke Gorge, som er ein populær stad for rafting. Nedstraums for juvet ligg Te Marua, der Mangaroaelva renn inn i Hutt frå aust. Endå lenger nede, like ovanfor elvesletta der Upper Hutt ligg, renn Akatarawaelva inn i elva frå vest. Nedanfor Upper Hutt renn elva langs ein praktisk talt rett geologisk forkastingssprekk. I den nedre enden til elvesletta ved Upper Hutt ligg Taita Gorge, som skil Upper Hutt frå Lower Hutt, denne slukta er mykje kortare og ikkje så trong som Kaitoke Gorge. Utløpet til elva, ved Petone, er ut i Wellington Harbour. Den geologiske forskastinga som elva har følgt hit, held fram som ein bratt skrent ved kanten av Wellington Harbour.

Gjennom det meste av elveløpet er Huttelva grunn og somme stader forgreina, med eit vidt og steinfylt elvefar (som på biletet), men gjennom Kaitoke Gorge renn elva direkte over berggrunn, og i det ho nærmar seg munningen ved Petone er elveløpet trongare og breiddene brattare. Dei største busette områda i Upper Hutt og Lower Hutt er verna frå overfløyming med flaumvern og tilplantingar med piletre. Den regelmessige overfløyminga i Lower Hutt gjorde jorda svært grøderik, og før staten starta med offentleg bustadbygging i 1937 låg det mange handelsgartneri i Lower Hutt.

Elva har flytta ein god del på seg etter den europeiske tilflyttinga til området, mest i samband med eit større jordskjelv i 1855, som løfta opp elveløpet.

Hovudvegen State highway 2 går langs det meste av elva, unntatt gjennom Kaitoke Gorge og oppe ved utspringet, før han kryssar Rimutakafjella inne i Wairarapa.

Elva fekk, som elvedalen, namn etter sir William Hutt som var leiar i New Zealand Company. Eit av māorinamna på elva var Heretaunga, som også er namnet på ein forstad til Upper Hutt og også på ein vidaregåande skule. Hutt River har ein god stamme av aure, og der er gang- og sykkelstiar på båe sider av elva mellom Upper Hutt og Petone.

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra