Huzhou er eit byprefektur heilt nord i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Han har eit areal på 5 817 km² og om lag 2,56 millionar innbyggarar (2002). Huzhou er delt opp i to bydistrikt og tre fylke.

湖州市 (pinyin Húzhōu)
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Zheijang
Geografi
Flatevidd 5 820,26 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

2 570 000
Koordinatar 30°52′N 120°06′E / 30.867°N 120.100°E / 30.867; 120.100
Tidssone Standard kinatid (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: http://www.huzhou.gov.cn/
Nettstad: www.huzhou.gov.cn
Plassering
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang
Plasseringa av Huzhou i Zhejiang

Elva Xitiao renn gjennom byen og straks ved munnar ho ut i den store innsjøen Tai Hu i deltaet til Chang Jiang.

Næringsvliv endre

Huzhou er kjende for silkeproduksjon, og er blitt kalla «Silkebyen». Han er også kjend for produksjon av fine kalligrafipenslar gjennom mange hundreår.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 104 går gjennom prefekturet. Han byrjar i Beijing, går sørover via Dezhou og vidare til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Riksveg 318 i Kina, ein av dei lengste hovudvegane i landet, går også gjennom området. Han tek til i Shanghai og går mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Kjende folk frå Huzhou endre

Kjelder endre