Fuzhou (kinesisk skrift 福州, pinyin Fúzhōu) er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad i provinsen Fujian ved kysten mot Taiwansundet og Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal på 12 153 km², folketalet vart i 2010 berekna til 6,38 millionar. Innanfor bygrensene budde i 2007 1 859 203 menneske.

Bybilete i Fuzhou
Fuzhou (gult) i Fujian.

Byprefekturet Fuzhou omfattar fem distrikt, to byfylke og seks fylke.

Språket mindong er det dominerande i Fuzhou og har sitt kjerneområde kring byprefekturet. Fuzhoudialekta er standard for mindong.

Fuzhou er ein viktig hamneby. Hamna i Fuzhou vart etter den første opiumskrigen opna for handel med europeiske og amrikanske selskap, som ein av de første traktatbyane. Byen vart i 1984 opna for utanlandsinvesteringar, og har sidan opplevd sterk økonomisk vekst. Fuzhou er eit senter for kjemisk industri og har næringmiddelindustri, sagbruk og møbelindustri, maskinproduksjon, papirproduksjon og trykkeri, tekstilindustri.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 104 har sitt endepunkt i Fuzhou. Han tek til i Beijing og går sørover via Dezhou til Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Kinas riksveg 316 tek til i Fuzhou og fører via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

Kinas riksveg 324 går frå Fuzhou og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar opp i Kunming i Yunnan.

Kjelder endre