Hylte kommun
Hylte kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Hallands län til Falkenbergs kommun og Halmstads kommun. Vidare grensar han til Gislaveds kommun i Jönköpings län i nord og Ljungby kommun i Kronobergs län i aust og sør. Administrasjonssenteret i kommunen er Hyltebruk.
Hylte kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Hallands län | ||
Landskap | Halland og Småland | ||
Del av | Halland, Småland, Q61313599, Q31883951, Q61546070 | ||
Centralort | Hyltebruk | ||
Areal | 1 052 km² | ||
• land | 951 km² | ||
• vatn | 101 km² | ||
Folketal | 10 371 | ||
Folketettleik | 10 / km² | ||
Hylte kommun 57°00′N 13°15′E / 57°N 13.25°E | |||
Kart som viser Hylte kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Hylte Municipality | |||
Nettstad: www.hylte.se |
Kommunen har eit sterkt kupert landskap med mange mellomliggjande innsjøar og myrområde. Han er ein industrikommune med mange småføretak, og har mykje verkstad- og treforedlingsindustri. Vidare er det stor produksjon av avispapir i Hylte kommun.
Administrativ historikk
endreDen fyrste kommunen med namnet Hylte var ein storkommune som vart oppretta ved kommunereforma i 1952 gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Femsjö, Färgaryd og Långaryd i Jönköpings län. Samtidig vart på same måten Unnaryd oppretta i Jönköpings län gjennom samanslåing av Bolmsö, Jälluntofta og Södra Unnaryd. I Hallands län vart også Torups landskommun oppretta gjennom samanslåing av dei tidlegare kommunane Drängsered, Kinnared og Torup.
I 1974 vart deretter den noverande kommunen til, gjennom samanslåing av Hylte, Torup og Unnaryd (utanom Bolmsö församling), samt ein del av Lidhults församling frå Ljungby kommun i Kronobergs län. Den nyoppretta kommunen vart lagd i Hallands län.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: Skjold med bølgjer delt i gull, med eit oppstikkande raudt vasshjul, og blått, med to bjelkar av gull.[1]
Kommunen oppstod i den noverande forma si i 1974, men det drygde fram til 1987 før eit kommunevåpen kunne verte registrert i Patent- och registreringsverket. Ingen av dei tidlegare einingane i området hadde hatt våpen. Bølgjene er frå elva Nissan, bjelkane er trestokkar (frå skogbruket) og vasshjulet symboliserer industrien.
Tettstader
endreDet er seks tettstader i Hylte kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Hyltebruk | 3 742 |
2. | Torup | 1 239 |
3. | Unnaryd | 760 |
4. | Rydöbruk | 385 |
5. | Landeryd | 372 |
6. | Kinnared | 297 |
Kjelder
endre- «Hylte kommun» på Wikipedia på svensk, innhenta 22. januar 2010.
- «Hylte» hjå Store norske leksikon, innhenta 22. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Referansar
endre- ↑ «Sköld av en vågskura delad i guld, vari ett uppskjutande rött vattenhjul, och blått, vari två bjälkar av guld».