Ljungby kommun

kommune i Kronoberg len i Sverige

Ljungby kommune ligg i det svenske länet Kronobergs län i landskapet Småland. Kommunen grensar til nabokommunane Avesta, Älmhult og Markaryd i Kronborgs län, Laholm, Halmstad og Hylte i Hallands län og Gislaved og Värnamo i Jönköpings län. Administrasjonssenter i kommunen er Ljungby.

Ljungby kommun
kommune
Ljungby Kommunhus.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Kronobergs län
Landskap Småland
Areal 1 995,13 km²
 - land 1 747,9 km²
 - vatn 247,23 km²
Folketal 27 305
Ljungby Municipality in Kronoberg County.png
Wikimedia Commons: Ljungby Municipality
Minnesmerke for Cliff Burton ved Dörarp

GeografiEndra

Kommunen har store område med skogskledd morenemark og mange innsjøar og myrer.[1] I vest omfattar kommunen store delar av den tiande største innsjøen i Sverige, Bolmen. Innlandsøya Bolmsö i Bolmen er den største øya i Småland. I aust ligg innsjøen Möckeln på grensa mot nabokommunen Älmhult. Elva Lagan renn gjennom kommunen frå nord til sør.

E4 og Riksväg 25 går gjennom kommunen.

TettstaderEndra

Ljungby kommune har åtte tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Ljungby 14 810
2. Lagan 1 751
3. Ryssby 689
4. Lidhult 635
5. Kånna 365
6. Vittaryd 306
7. Angelstad 276
8. Agunnaryd 215

Kjende folk frå Ljungby kommuneEndra

KuriosaEndra

I 1986 omkom bassisten Cliff Burton i bandet Metallica da turnébussen til bandet velta på E4 to mil nord for Ljungby, ved Dörarp. Ein minnnestein er reist på staden.

VenskapskommunarEndra

KjelderEndra

  1. Artikkel om Ljungby kommune på snl.no

BakgrunnsstoffEndra

Offisiell heimeside