I'm Your Captain (Closer to Home)

I'm Your Captain (Closer to Home)
av Grand Funk Railroad
frå albumet Closer to Home
B-side

«Aimless Lady»

Utgjeve Juli 1970
Innspelt 1970
Sjanger Hardrock
Lengd 9:58 (album)

5:31 (single)

Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Mark Farner
Produsent Terry Knight
Grand Funk Railroad-kronologi 
«Nothing is the Same»
(1970)
I'm Your Captain (Closer to Home) «Mean Mistreater»
(1970)


«I'm Your Captain (Closer to Home)» er ein song frå 1970 skriven av den amerikanske musikaren Mark Farner og spelt inn av Grand Funk Railroad som siste songen på albumet Closer to Home. Songen er ti minuttar lang og den lengste studioinnspelinga deira. Det er ein av dei mest kjende songane til gruppa, og er komponert som to forskjellige, men tett tilknytte delar. Tittelen har blitt skrive på forskjellige måtar på forskjellige Grand Funk-album, som «I'm Your Captain», «I'm Your Captain/Closer to Home», «Closer to Home/I'm Your Captain», «Closer to Home (I'm Your Captain)», og «Closer to Home».[1]

Låtskriving og innspeling endre

Farner skreiv teksten til songen først. Orda skal ha kome til han midt på natta etter at han hadde bede om inspirasjon til å skrive noko meiningsfullt.[2] Akkordrekkja på «I'm Your Captain» kom til han morgonen etter, og den følgjande dagen tok han songen med seg til bandet.[2] Dei likte songen raskt, men etter ei stund kom dei ikkje på korleis dei skulle ende den andre delen. Dei fann så ut at dei skulle bruke eit orkester, og leigde inn Tommy Baker, ein arrangør og trompetist som arbeidde med fjernsynsserien Upbeat.[2] Han foreslo at dei skulle forlenge slutten for å lage rom for orkesteret å utvikle seg i,[2] og produsenten Terry Knight henta inn Cleveland Symphony Orchestra for å spele det inn.[3] Bandmedlemmane høyrte aldri den ferdige versjonen før Knight spelte det for dei i heimbyen Flint i Michigan.[4] Farner nearly cried when he heard it, and Brewer has said "We were just like, 'Wow!'"[2]

Mottaking endre

«Closer to Home» vart gjeven ut som singel og vart ein moderat suksess tidleg på hausten i 1970. Han nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 og vart den første hitten til gruppa på topp 40 i USA.[5] Han var ein langt større suksess på progressiv rockeradio, som dei i New York.[6][7] Dette var med på å hjelpe albumet opp til topp 10 på den amerikanske albumlista.[8]

Mange reknar songen som høgdepunktet på albumet,[3] og både Farner og andre rekna det som den beste låten han skreiv.[9][10] I 1988 kåra lyttarane på New York-stasjonen WNEW-FM songen til den 71. beste songen gjennom tidene,[11] og 20 år seinare, i 2008, rangerte lyttarane av Q104.3 i New York songen som den 112. beste.[12]

Songen finst på mange konsertalbum av Grand Funk, som Mark, Don and Mel: 1969–71 frå 1971, Caught in the Act frå 1975 og Bosnia frå 1997.

Songen er òg blitt spelt av det tyske powermetalbandet Helloween.

Kjelder endre

  1. The last of these is legally the title that Farner's music publisher registers the song as. See «Repertoire Search». BMI. Arkivert frå originalen 13. juli 2012. Henta December 12, 2007.  However the song is best known by the formulations that capture both movements.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 James, Billy (1999). An American Band: The Story of Grand Funk Railroad. SAF Publishing. s. 30–31. ISBN 0-946719-26-8. 
  3. 3,0 3,1 Carson, David A. (2006). Grit, Noise, and Revolution: The Birth of Detroit Rock 'n' Roll. University of Michigan Press. s. 252–253. ISBN 0-472-03190-2. 
  4. Stoller, Barry (March 2003). «Terry Knight Interview». Perfect Sound Forever. Arkivert frå originalen 5. februar 2009. Henta March 28, 2009. 
  5. Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. s. 127. ISBN 0-8230-7511-7. 
  6. Behe, Regis (August 31, 2006). «Grand Funk endures musical change». Pittsburgh Tribune-Review. Arkivert frå originalen 9. september 2012. Henta 3. august 2016. 
  7. Tenpas, Jake (July 26, 2007). «Keep on chugging». Corvallis Gazette-Times. 
  8. Grand Funk Railroad. VH1 Behind the Music. March 7, 1999. 
  9. Perry, Shawn. «The Mark Farner Interview». vintagerock.com. Arkivert frå originalen 12. april 2009. Henta March 29, 2009. 
  10. «Getting Closer To Home : An Exclusive Interview With Founding Grand Funk Railroad Leader Mark Farner». Nightwatcher's House Of Rock. December 31, 2008. 
  11. Firecracker 500. WNEW-FM pamphlet. July 4, 1988. 
  12. «Top 1043 Songs of All Time». WAXQ. 2008. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta March 29, 2009.