I Thank You av Sam & Dave
I Thank You Singel av Sam & Dave frå albumet I Thank You | ||
B-side |
«Wrap it Up» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. januar 1968 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:44 | |
Selskap | Stax/Atlantic S-242 | |
Komponist | Isaac Hayes, David Porter | |
Tekstforfattar | Isaac Hayes, David Porter | |
Låtskrivar(ar) | Isaac Hayes David Porter | |
Produsent | Isaac Hayes David Porter | |
Sam & Dave-kronologi | ||
«Soul Man» (1967) |
I Thank You | «You Don't Know What You Mean to Me» (1968)
|
I Thank You av Sam & Dave Singel av ZZ Top frå albumet Degüello | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1980 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Isaac Hayes, David Porter | |
Tekstforfattar | Isaac Hayes, David Porter | |
Låtskrivar(ar) | Isaac Hayes David Porter | |
---|---|---|
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
«Enjoy and Get It On» (1977) |
I Thank You av Sam & Dave | «Cheap Sunglasses» (1980)
|
«I Thank You» er ein song skriven av David Porter og Isaac Hayes og opphavleg spelt inn av Sam & Dave tidleg i 1968.[1] Singelen var den siste Sam & Dave gav ut på Stax Records, og han nådde niandeplassen på Billboard Pop Singles-lista og fjerdeplassen på R&B chart.[2] Kort tid etter utgjevinga reiv Stax seg laus frå distribusjonsavtalen med Atlantic Records og Sam & Dave, som i røynda hadde kontrakt med Atlantic og vart lånt ut til Stax, byrja å spele inn musikk for sjølve Atlantic.[3]
ZZ Top spelte inn songen i 1979 på albumet deira Degüello. Bandet gav ut songen på singel året etter. Som oiginalen gjekk han inn på salslista og nådde 34. plassen. Det vart den andre topp 40-hitten til bandet (etter «Tush» fire år tidlegare).
Andre versjonar
endre- Bonnie Raitt spelte inn songen på albumet hennar The Glow i 1979.
- Phil Vassar gav ut ein countryversjon i 2002 på albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top.
- John Farnham gav ut ein versjon på albumet sitt 33⅓.
- Paul Shaffer og the CBS Orchestra spelte ofte denne songen i reklamepausane på Late Show with David Letterman.
- Det australske bandet The Casanovas spelte inn ein versjon for det andre albumet deira All Night Long.
- I april 2009 gav Tower of Power ut Great American Soulbook med ein versjon av «I Thank You» med Tom Jones på gjestevokal.
- Bon Jovi spelte inn songen og gav han ut på spesialutgåva til These Days.
- Paul Rodgers spelte inn ein versjon i 2014 på The Royal Sessions.
- Robert Randolph and the Family Band gav ut songen i 2017 på albumet Got Soul med hjelp av Cory Henry.
- Tom Jones spelte inn songen i 1970 på albumet sitt Tom.
Salslister
endreListe (1968) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[4] | 34 |
US Billboard Hot 100[5] | 9 |
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[6] | 4 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Thank You (Sam & Dave song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «S-List». Staxrecords.free.fr. 21. januar 2012. Henta 30. september 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 510.
- ↑ Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. ISBN 0-8256-7284-8. Pg. 138-142
- ↑ "Chart Stats – Sam And Dave – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 30. september 2018.
- ↑ "Dave?f=379&g=Singles Sam Dave Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Sam Dave. Prometheus Global Media. Henta 30. september 2018.
- ↑ "Dave?f=367&g=Singles Sam Dave Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Sam Dave. Prometheus Global Media. Henta 30. september 2018.