Tush av ZZ Top
Tush Singel av ZZ Top frå albumet Fandango! | ||
B-side |
«Blue Jean Blues» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1975 | |
Innspelt | 30. desember 1974 - 23. mars 1975 | |
Sjanger | Bluesrock[1] | |
Lengd | 2:15 | |
Selskap | London Records | |
Komponist | Billy Gibbons, Dusty Hill, Frank Beard | |
Låtskrivar(ar) | Billy Gibbons Dusty Hill Frank Beard | |
Produsent | Bill Ham | |
ZZ Top-kronologi | ||
«La Grange» (1973) |
Tush | «It's Only Love» (1976)
|
«Tush» er ein song av det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top og var den einaste singelen frå det fjerde albumet deira, Fandango!. Songen vart kåra til den 67. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2]
Komposisjon
endreSongen er ein 12-taktsblues i G. Innspelinga vart produsert av Bill Ham, og spelt inn og miksa av Terry Manning. Tittelen er tvitydig og syner både til eit slangord for rumpe og eit slangord for «luksuriøs» i følgje eit intervju med Dusty Hill i 1985 i magasinet Spin.[3]
«Tush» er ein av fire songar på Fandango! som vert sungen av Dusty Hill.
Salslister
endre«Tush» nådde 20. plassen på Billboard Hot 100.
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 19 |
U.S. Cash Box Top 100 | 11 |
Andre versjonar
endre- Iron Maiden har spelt songen på nokre av konsertane deira i 1980-åra. Ein versjon vart filma og gjeven ut i 2006 på albumet A Matter of Life and Death.
- Nazareth framførte ein versjon av songen i 1981 på konsertalbumet Snaz.
- Kenny Chesney gav ut ein countryversjon av songen i 2002 på albumet Sharp Dressed Men: A Tribute to ZZ Top.
- Whitesnake framførte ein versjon av songen på turneen deira i 1987/1988 med ein annan tekst, «Tits».
- Joan Jett gav ut ein versjon av songen i 1990 på albumet hennar The Hit List
- Wolf Mail spelte inn ein versjon av songen i 2011 på albumet hans The Basement Session.
- Girl gav ut songen på albumet Live at the Exposition Hall, Osaka, Japan.
- Tygers of Pan Tang gav ut songen på fleire album, som Live at Wacken i 2001.
- Dumpy's Rusty Nuts spelte inn ein versjon av songen på konsertalbumet Somewhere In England (1983).
- Motörhead-songen «No Class» har eit liknande gitarriff.[4]
Bruk i populærkulturen
endre- Songen vart nytta i filmane An Officer and a Gentleman, Dazed and Confused, Sgt. Bilko, The Perfect Storm, Ghost Rider og The Bucket List.
Medverkande
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tush (ZZ Top song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ten Great Blues-Rock Songs by Guitar Rockers». Guitar Player. NewBay Media. 16. desember 2015. Arkivert frå originalen 20. oktober 2017. Henta 31. juli 2016.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 12. februar 2009. Henta 30. september 2018.
- ↑ «Tush by ZZ Top Songfacts». Songfacts.com. Henta 30. september 2018.
- ↑ Peter Buckley, red. (2003). The rough guide to rock. Rough Guides. s. 699. ISBN 978-1-84353-105-0.