I Wish It Could Be Christmas Everyday
I Wish It Could Be Christmas Everyday Singel av Wizzard | ||
B-side |
Rob Roy's Nightmare (A Bit More H.A.) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1973 | |
Innspelt | August 1973 | |
Studio | Phonogram Studios, Stanhope Place, Marble Arch i London | |
Sjanger | Glamrock, julemusikk, poprock | |
Lengd | 4:38 | |
Selskap | Harvest, Warner Bros. Records | |
Komponist | Roy Wood | |
Tekstforfattar | Roy Wood | |
Låtskrivar(ar) | Roy Wood | |
Produsent | Roy Wood | |
Wizzard-kronologi | ||
«Angel Fingers» (1973) |
I Wish It Could Be Christmas Everyday | «Rock 'n' Roll Winter (Loony's Tune)» (1974)
|
«I Wish It Could Be Christmas Everyday» er ein julesong av det britiske glamrockbandet Wizzard. Han kom først ut i desember 1973 og var skriven og produsert av frontmannen Roy Wood—tidlegare i The Move og Electric Light Orchestra. Trass i at songen har vore populær sidan han kom ut, har han aldri nådd høgare enn fjerdeplassen på UK Singles Chart, der han låg fire veker på rad frå desember 1973 til januar 1974.[1] Songen vart slått i 1973 av Slade sin «Merry Xmas Everybody», som låg på toppen av lista denne jula.
Wood syng solovokal medan The Suedettes og eit kor frå Stockland Green School syng korvokal.
Salslister
endreÅr | Song | Listeplassering | ||
---|---|---|---|---|
UK[2][3] | IRL | SWE Heat [4] | ||
1973 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 4 | 6 | - |
1981 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» (nyinnspeling) | 41 | 32 | - |
1984 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 86 | - | - |
1984 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» (nyutgjeving) | 23 | 36 | - |
2007 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 16 | 42 | - |
2008 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 31 | 42 | - |
2009 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 45 | 23 | - |
2010 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 46 | 28 | - |
2011 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 28 | 30 | - |
2012 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 29 | 37 | - |
2013 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 31 | – | - |
2014 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 35 | 68 | - |
2015 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 27 | 49 | - |
2016 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 23 | 60 | - |
2017 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 15 | 29 [5] |
- |
2018 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 12 | ? | - |
2019 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 10 | ? | - |
2020 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» | 13 | 44 | - |
2021 | «I Wish It Could Be Christmas Everyday» [6] | 15 | - | 20 |
«–» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista eller vart ikkje gjeve ut i det området. |
Salstrofé og salstal
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[7] | 2× Platina | 1 200 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
The Big Reunion-versjonen
endreI Wish It Could Be Christmas Everyday Singel av The Big Reunion Cast 2013 - Five, 911, Atomic Kitten, Honeyz, B*Witched, Liberty X og Blue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. desember 2013 | |
Innspelt | Oktober-november 2013 | |
Studio | London, England | |
Sjanger | Julemusikk | |
Lengd | 4:48 | |
Selskap | Universal | |
Komponist | Roy Wood | |
Tekstforfattar | Roy Wood | |
Låtskrivar(ar) | Roy Wood | |
---|---|---|
Produsent | Cutfather |
I 2003 gav seks popband frå 1990-åra og tidleg i 2000-åra ut ein versjon av songen i samband med TV-serien The Big Reunion. Desse banda var Five, 911, Atomic Kitten, B*Witched, Blue, Honeyz og Liberty X. Inntektene frå platesalet gjekk til veldedige føremål.[8] Innspelinga vart produsert av den danske produsenten Cutfather. Songen nådde 21. plassen på den britiske singellista.[9]
Salslister
endreListe (2013) | Plassering |
---|---|
Irland (IRMA)[10] | 82 |
Skottland (Official Charts Company)[11] | 32 |
UK Singles (Official Charts Company)[12] | 21 |
Andre versjonar
endre- All Star United i 1999, på samlealbumet Happy Christmas Vol. 2.
- A-Teens i 2001, som B-sida til singelen «Heartbreak Lullaby», og seinare på samlealbumet Radio Disney Holiday Jams 2 i 2002.
- Tweenies i 2001 på julealbumet The Christmas Album.
- Girls Aloud i 2005 på spesialutgåva av albumet Chemistry.
- Sarah Brightman i 2008 på julealbumet A Winter Symphony.
- Wilson Phillips i 2010 på julealbumet deira Christmas in Harmony (14. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista).[13]
- Leona Lewis i 2013 på julealbumet hennar Christmas, with Love.
- Olly Murs i 2012, opphavleg framført live for BBC, og så gjeven ut på spesialutgåva av albumet Right Place Right Time.
- Nick Lowe i 2013 på julealbumet Quality Street: A Seasonal Selection for All the Family og i 2015 på konsertalbumet The Quality Holiday Revue Live.
- Kylie Minogue i 2016 på albumet hennar Kylie Christmas: Snow Queen Edition, ei utvida utgåve av Kylie Christmas.
- Cheap Trick i 2017 på julealbumet Christmas Christmas, og med Roy Wood på solovokal på eit konsertopptak i 2018 for Record Store Day.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Wish It Could Be Christmas Everyday» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Last.fm Wizzard - I Wish It Could Be Christmas Everyday
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 608. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Wizzard | full Official Chart history». Official Charts Company. Henta 28. desember 2019.
- ↑ «Veckolista Heatseeker, vecka 52» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 3. januar 2022.
- ↑ «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 30. desember 2017.
- ↑ «Official Singles Chart Top 100 | Official Charts Company». OfficialCharts.com.
- ↑ «British single salstrofé – Wizzard – I Wish It Could Be Christmas Everyday». British Phonographic Industry. Enter I Wish It Could Be Christmas Everyday in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «The Big Reunion cast announce Christmas single in aid of Text Santa». itv.com. 23. oktober 2013. Henta 24. oktober 2013.
- ↑ «BIG REUNION CAST 2013 | full Official Chart History | Official Charts Company». OfficialCharts.com.
- ↑ "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
- ↑ "desember 2013/ Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
- ↑ "desember 2013/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «I Wish It Could Be Christmas Every Day». YouTube. Arkivert frå originalen 13. desember 2021.