Sitatgata i Oslo

kunstverk i Oslo
(Omdirigert frå Ibsen Sitat)

Sitatgata i Oslo, eller Ibsen Sitat, er i alt 69 sitat frå forfattaren Henrik Ibsens poesi, dramatikk, talar og brev som er skrivne med bokstavar av stål nedfelt i fortaua i Oslo sentrum. Sitata følgjer den etter måten stutte strekninga som Ibsen hadde for vane å gå kvar dag mellom den siste heimen sin i ein bygard på hjørnet av Arbins gate og Drammensveien (no Henrik Ibsens gate) og stamkaféen sin, Grand Café, i første høgda på Grand Hotel på Karl Johans gate i sentrum av Oslo.

Utsnitt av eit av Ibsen-sitata i Sitatgata.
Døme på eit anna av sitata.
Hjørnebygningen Arbins gate-Henrik Ibsens gate (opphavleg Drammensveien), der Henrik Ibsen hadde sitt husvære. Her ligg no Ibsenmuseet i Oslo.
Grand Hotel i Karl Johans gate, der Henrik Ibsen hadde sin stamkafé, Grand Café.

Kunstnarane Ingrid Falk og Gustavo Aguerre i samarbeid (FA+) stod bak dette kunstprosjektet, kalla «Ibsen Sitat», med professor dr. philos Vigdis Ystad som den ansvarlege for sitattekstane. Sparebankstiftelsen DnB NOR har teke kostnadene som ei gåve til byen Oslo i høve Ibsenåret 2006 (det vil seie hundreårsminnet for Ibsens død).

Sitata er skrivne på fortaua langs den eine sida av Henrik Ibsens gate og båe sidene av Karl Johans gate på den aktuelle strekninga. Det har gått med til saman 4011 stålbokstavar, som kvar og ein er lagt ned i kvar sin nøyaktig tilpassa sandblåste utfresing i fortaushellene.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre