Ida Basilier-Magelssen
Ida Mathilda Basilier-Magelssen (10. september 1846–23. mai 1928) var ein norsk-finsk operasongar (sopran) av svensk opphav.
Ida Basilier-Magelssen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 10. september 1846 Uleåborg |
Død | |
Yrke | operasongar |
Ektefelle | Johan Magelssen |
Ida Basilier-Magelssen på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreIda Basilier var dotter av Carl Frederik Basilier og Gustafva Mathilda Garvolin, syster av Fanny Virginia Basilier, og dimed også tante til Ida Emilia Basilier Flodin (gift med Ivar Aavatsmark). Ida Basilier-Magelssen tok avgangseksamen ved pikeskulen i Uleåborg i 1862.
Basilier-Magelssen studerte song i Helsingfors under Emilie Mechelin i 1867, ved konservatoriet i Paris under professor Jean Jacques Masset i 1867-1870 og i St. Petersburg under Henriette Nissen-Saloman.
Karriere
endreBasilier-Magelssen konsertdebuterte i Helsingfors 4. juni 1868. I åra 1870–1880 opptreddee ho som solist på 400 konsertar i Finland, Sverige og Noreg, og song også i Paris, München og St. Petersburg.
I 1870-åra var Basilier-Magelssen den leiande innan finsk opera og song med stor suksess på operascener i Skandinavia, Tyskland og Frankrike. I åra 1872–1874 var ho den fremste koloratursanger ved den Kungliga Operan. Ho var best kjend for sin tolking av Rosina i Rossini sin opera Barberaren i Sevilla.
Basilier-Magelssen gifta seg med nordmannen J.S. Cammermeyer Magelssen (død 1910), redaktør av Aftenposten, i 1878. Etter at ho blei gift underviste ho frå 1890 til 1915 i Kristiania.
Johan og Ida fekk tre barn; dottera Ida Ajagela blei gift med forfattaren Øvre Richter Frich, og sonen Johan blei kommandør på festningane Hegra og seinare Vardøhus.
Ida Basilier-Magelssen døydde av slag 23. mai 1928. Ein veg i Hegra har fått namnet «Ida Basiliers vei».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ida Basilier-Magelssen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.