Aja Basilier-Magelssen
Ida Ajagela «Aja» Basilier-Magelssen (2. oktober 1879–1962[1]) var ein norsk skodespelar, songar og omsetjar.
Aja Basilier-Magelssen | |||
Fødd | 2. oktober 1879 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 25. mars 1962 (82 år) | ||
Dødsstad | Sverige | ||
Verka som | teaterskodespelar, songar, omsetjar | ||
Mor | Ida Basilier-Magelssen | ||
Far | Johan Magelssen | ||
Ektefelle | Øvre Richter Frich |
Familie
endreAja Basilier-Magelssen var dotter av kongeleg fullmektig og redaktør av Aftenposten Johan Siegfried Cammermeyer Magelssen (1835–1910) og operasonger og songpedagogen Ida Mathilde Basilier (1846–1928). Ho blei gift 21. april 1907 med forfattaren Øvre Richter Frich (1872–1945).[2]
Liv og virke
endreBasilier-Magelssen var våren 1900 tilknytta Centralteatret i fødebyen Kristiania. Her debuterte ho i rolla som Mimi i stykket Solnedgang.[3] Sesongen 1900–1901 var ho knytta til Sekondteatret ved Christiania Tivoli. I januar 1902 blei ho engasjert ved Svenska teatern i Helsingfors, der ho debuterte i rolla som Frk. Møller i stykket Første Violin.[4]
I åra 1903–1908 var Basilier-Magelssen igjen ved Centralteatret, og det var der ho 10. november 1903 opptredde i si fyrste større rolle i Noreg som Elina Kareno i dramaet Ved Rigets Port.
I tillegg til reine teaterroller, medverka Basilier-Magelssen også i operetter,[5] og utmerka seg også gjennom framføringar av temperamentsfulle franske songar.[6] Ho verka dessutan som omsetjar.[7]
Etter å ha hatt eit omflakkande tilvære saman med ektemannen Øvre Richter Frich i mange år, med besøk i svært mange land og langvarige opphald i blant anna Paris og København, flytta ekteparet i 1928 til Södertälje i Sverige. Ei aning om omfanget av reiseverksemda deira får ein i nokre notat av fru Aja om rørslene til paret tidleg i 1920-åra: «24. mars 1922 Øvre 50 år i Paris […] i april 1922 reiste vi til Berlin, sommeren på Hvaler, jul hos Heyerdahl, januar 1923 til Wiesbaden, 24. mars 1923 atter i Paris […] våren i Dijon, sommer i Norge, høsten 1923 […] Tromsø, flyttet til Lillehammer 15. oktober 1923, reiste 1. januar 1925 Middelhavet, kom til fru Hansen (i Paris) i feber. 1925, var der til juli 1925, reiste til Hegra, Hay (Hay pensjonat på Bygdøy), Stockholm 1925 …»[8]
Roller i utval
endre- Mimi i stykket Solnedgang av Vilhelm Krag (Centralteatret, 1900)
- Frk. Møller' i Første Violin av Jens Petersen og Gustav Wied (Svenska teatern i Helsingfors, 1902)
- Fanny i I Vandkuranstalten av Wilhelm Meyer-Förster (Centralteatret, 1903)[9]
- Emma von Helms i Ægtemænd og Lygtemænd av Thomas Krag (Centralteatret, 1903)[10]
- Elina Kareno i Ved Rigets Port av Knut Hamsun (Centralteatret, 1903)
- Inger i Erotik av Gustav Wied (Centralteatret, 1904)[11]
- Malerinde i Verdens Undergang av Vilhelm Dybwad (Centralteatret, 1905)[12]
- Angelique i Den forbudne Frukt av Bøgh/Voisin (Centralteatret, 1905)[13]
- Aase i Askeladden (Centralteatret, 1905)[14]
- Baronessen i operaen Regimentets datter av Gaetano Donizetti (Centralteatret, 1907)[15]
- Institutbestyrerinden i Damernes Jensen av Jens Chr. Gundersen (Centralteatret, 1907)[16]
Kjelder
endre- ↑ Aftenposten 1962.03.27. 1962. s. 13.
- ↑ Morgenbladet 1907.04.20. 1907. s. 2.
- ↑ Norges Sjøfartstidende 1900.05.08. 1900. s. 3.
- ↑ Aftenposten 1902.01.17. 1902. s. 2.
- ↑ Aftenposten. 2. oktober 1939. s. 5.
- ↑ Norske kvinder. Berg & Høgh. 1914. s. 331.
- ↑ Boothby, Guy (1919). vakre, hvite djævel.
- ↑ Gylseth, Christopher Hals (1997). -seg selv til det ytterste. Cappelen. ISBN 8202161983.
- ↑ Morgenbladet 1904.04.14. 1904. s. 2.
- ↑ Morgenbladet 1903.08.31. 1903. s. 2.
- ↑ Aftenposten 1904.08.29. 1904. s. 2.
- ↑ Kysten 1905.09.28. 1905. s. 2.
- ↑ Kysten 1905.02.01. 1905. s. 2.
- ↑ Dagbladet 1905.03.01. 1905. s. 2.
- ↑ Social-Demokraten 1907.11.26. 1907. s. 1.
- ↑ Social-Demokraten 1907.02.16. 1907. s. 1.
- Denne artikkelen bygger på «Aja Basilier-Magelssen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.