If I Didn't Care
Song av The Ink Spots
Utgjeve Februar 1939
Innspelt 12. januar 1939
Sjanger Rhythm and blues, barbershop
Selskap Decca Records
Komponist Jack Lawrence
Tekstforfattar Jack Lawrence
Låtskrivar(ar) Jack Lawrence

«If I Didn't Care» er ein song skriven av Jack Lawrence som opphavleg vart sungen og innspelt av The Ink Spots med Bill Kenny i 1939. The Ink Spots-innspelinga vart den tiande mestseljande singelen gjennom tidene med over 19 millionar selde eksemplar, og er ein av få som har seld meir en 10 millionar eller fleire eksemplar verda over.[1] I følgje Lawrence posta han songen før han synte songen til nokre vener. Nesten alle venene reagerte negativt, men han sjølv hadde trua på songen og de vart seinare ein av dei største suksessane hans.[2]

Historie endre

I 1950-åra hadde både The Hilltoppers og Connie Francis ein hit med songen. I 1974 gjekk ein versjon spelt inn av David Cassidy opp til niandeplassen på UK Singles Chart i mai det året.[3] Ein annan kjend versjon kom frå The Platters (30. plass i USA i 1961). Bing Crosby tok med songen i ein medley på albumet sitt On the Sentimental Side (1962). I 1970 song soulgruppa The Moments (seinare kjend som Ray, Goodman & Brown) ein hitversjon av songen som nådde 44. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart òg spelt av Madness i 1999 på albumet deira Wonderful. I 1999 song Bryan Ferry ein versjon av songen som B-side til singelen «As Times Goes By».

Songen er innlemma i Grammy Hall of Fame og var 271. på lista deira over «Songs of the Century» (Hundreårets songar)

I popkulturen endre

Kjelder endre

  1. «Songwriters Friends: The Ink Spots». Songwriters Hall of Fame. Arkivert frå originalen 23. juli 2015. Henta 15. februar 2018. 
  2. Jack Lawrence Songwriter website Arkivert 2012-07-09 ved Wayback Machine.
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 97. ISBN 1-904994-10-5.