Ilek (russisk Илек) er ei av sideelvane til Uralelva og renn gjennom Orenburg oblast i Russland og Kasakhstan. Ho har ei lengd på 623 km og ei middelvassføring på nesten 40 kubikkmeter per sekund.

Ilek
elv
Land  Kasakhstan,  Russland
Nedslagsfelt 41 300 km²
Lengd 623 km
Middelvassføring 39,8 /s
Munning Uralelva
Kart
Ilek
49°30′00″N 57°25′00″E / 49.5°N 57.4167°E / 49.5; 57.4167
Wikimedia Commons: Ilek River

Dei to største byane som elva renn gjennom er Alga og Aqtöbe. Ilek er den mest forureina elva i Ural-kaspiske bekkenet. Dei store mengdene med bor og krom kjem avgangsdammane til tidlegare kjemiske fabrikkar via grunnvatnet. Kvaliteten til vatnet i Ilek varierer frå 4 (forureina vatn) til 6 (særs forureina vatn).[1] Ei av sideelvane til Ilek er Bolsaja Tsjobda. Elva er òg arkeologisk viktig fordi det er funne fleire kurgangraver ved breidda.[2]

Referansar

endre
  1. «Vassressursar i Kasakhstan i det nye årtusenet» - Water Resources Committee of RK, 2002
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. august 2005, henta 13. januar 2008 

Kjelder

endre