Immigration Man
Immigration Man Singel av Crosby & Nash frå albumet Graham Nash David Crosby | ||
B-side |
Whole Cloth | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1972 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:02 | |
Selskap | Atlantic Records | |
Komponist | Graham Nash | |
Låtskrivar(ar) | Graham Nash | |
Produsent | David Crosby, Graham Nash, Bill Halverson | |
Crosby & Nash-kronologi | ||
Immigration Man | «Southbound Train»
|
«Immigration Man» er ein song skriven av Graham Nash og spelt inn av David Crosby og Graham Nash. Songen kom ut på singel i mars 1972, som den første singelen frå debutalbumet til duoen, Graham Nash David Crosby. Singelen nådde 36. plassen på Billboard Hot 100, og er den einaste topp 40-hitten deira som ein duo.
Bakgrunn
endreNash skreiv «Immigration Man» om ei hending han hadde hatt i den amerikanske tollen då han prøvde å kome inn i landet. Tollstyresmaktene heldt han attende, og først då folk byrja å kome fram til Nash for å få ein autograf, sleppte Nash gjennom. Men han vart verande sint for måten han var blitt handsama på. Nash vart amerikansk statsborgar i 1978.
Musikken i «Immigration Man» er mellomrask vestkyst-rock i same stil som Crosby, Stills and Nash eller Buffalo Springfield. Gitarsoloen vert spelt av Dave Mason.
Medverkande
endre- David Crosby — vokal, elektrisk gitar
- Graham Nash — vokal, piano
- Dave Mason — elektrisk gitar
- Greg Reeves — bass
- Johnny Barbata — trommer
Produksjon
endre- Crosby & Nash, Bill Halverson — produsentar
- Bill Halverson, Doc Storch — lydteknikarar
- David Geffen, Elliot Roberts — leiing
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Immigration Man» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2019.