Graham Nash David Crosby

Graham Nash David Crosby
Studioalbum av Crosby & Nash
Utgjeve 5. april 1972
Innspelt 1972
Studio Wally Heider Studio III,
Los Angeles, CA
Sjanger Rock
Lengd 35:26
Selskap Atlantic
Produsent David Crosby, Graham Nash, Bill Halverson
Crosby & Nash-kronologi 
Graham Nash David Crosby «Wind on the Water»
(1975)


Graham Nash David Crosby er det første albumet til duoen David Crosby og Graham Nash, gjeve ut på Atlantic Records i 1972. Albumet nådde 44. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og ein singel frå albumet, «Immigration Man», nådde 36. plassen på Billboard Hot 100 den 17. og 24. juni 1972.[2] Det selde til gullplate i USA og var dedisert til Joni Mitchell, som «to Miss Mitchell.»

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

Historie

endre

Etter Crosby, Stills, Nash & Young var oppløyst sommaren 1970, gav alle dei fire medlemmane kvar sine soloalbum det neste året. Neil Young og Stephen Stills fokuserte begge på sine eigne prosjekt dei neste åra, Young med Crazy Horse og Stray Gators, medan Stills skipa Manassas. Både If I Could Only Remember My Name av Crosby og Songs for Beginners av Nash selde godt, og hausten 1971 heldt dei to ei rekkje konsertar i lag. Under turneen skreiv Crosby og Nash nye songar som dei så tok med seg til studio.

Innhald

endre

Fleire kjende musikarar var med på innspelinga av albumet, som Dave Mason og medlemmar av The Grateful DeadJerry Garcia, Phil Lesh og Bill Kreutzmann. Nash og Crosby vart hovudsakleg akkompagnert av The Section, ein kvartett av etterspurte studiomusikarar på den amerikanske Vestkysten i 1970-åra. Bandet bestod av Craig Doerge, Danny Kortchmar, Leland Sklar og Russell Kunkel, og dei spelte på dusinvis av album, mellom andre av James Taylor, Carole King og Jackson Browne. Dei fortsette òg å spele med Crosby & Nash resten av tiåret, både i studio og på turné.

Songane fortsette i same stil som duoen hadde spelt med CSNY, der Nash skreiv stramme popsongar, inkludert tittelsporet, og Crosby utforska stemningar og sjølvgransking innimellom dei vanlege vokalharmoniane til duoen. Albumet selde minst like godt som dei to soloalbuma dei hadde gjeve ut året før. Etter dette albumet turnerte duoen i 1973 med eit band som mellom anna bestod av David Lindley og den framtidige Eagles-gitaristen Don Felder.

Innhald

endre

Side ein

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Southbound Train»Graham Nash3:54
2.«Whole Cloth»David Crosby4:35
3.«Blacknotes»Graham Nash0:58
4.«Stranger's Room»Graham Nash2:28
5.«Where Will I Be?»David Crosby3:23
6.«Page 43»David Crosby2:56

Side to

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Frozen Smiles»Graham Nash2:17
2.«Games»David Crosby4:02
3.«Girl to Be on My Mind»Graham Nash3:27
4.«The Wall Song»David Crosby4:37
5.«Immigration Man»Graham Nash3:02

Medverkande

endre
  • David Crosbyvokal alle spor utanom «Blacknotes»; elektrisk gitar på «Whole Cloth», «Page 43», «Frozen Smiles», «Girl to Be on My Mind», «The Wall Song» og «Immigration Man»; gitar på «Southbound Train», «Where Will I Be?» og «Games»
  • Graham Nash – vokal; piano på «Whole Cloth», «Blacknotes», «Stranger's Room», «Frozen Smiles», «The Wall Song» og «Immigration Man»; orgel på «Girl to Be on My Mind» og «The Wall Song»; munnspel på «Southbound Train», «Stranger's Room» og «Frozen Smiles»; gitar på «Southbound Train»

Andre medverkande

endre
  • Danny Kortchmar – elektrisk gitar på «Whole Cloth», «Stranger's Room», «Page 43», «Frozen Smiles», «Games» og «Girl to Be on My Mind»
  • Jerry Garciapedalsteelgitar på «Southbound Train»; elektrisk gitar på «The Wall Song»
  • Dave Mason – elektrisk gitar på «Immigration Man»
  • Craig Doergeelektrisk piano på «Whole Cloth», «Where Will I Be?» og «Frozen Smiles»; piano på «Page 43», «Games» og «Girl to Be on My Mind»; orgel på «Stranger's Room»
  • Leland Sklarbass på «Whole Cloth», «Stranger's Room», «Where Will I Be?», «Page 43», «Frozen Smiles», «Games» og «Girl to Be on My Mind»
  • Chris Ethridge – bass på «Southbound Train»
  • Phil Lesh – bass på «The Wall Song»
  • Greg Reeves – bass på «Immigration Man»
  • Russ Kunkeltrommer på «Whole Cloth», «Stranger's Room», «Page 43», «Frozen Smiles», «Games» og «Girl to Be on My Mind»
  • Johnny Barbata – trommer på «Southbound Train» og «Immigration Man»
  • Bill Kreutzmann – trommer på «The Wall Song»
  • David Duke, Arthur Maebe, George Price – blåsarar på «Stranger's Room»
  • Dana Africa – fløyte på «Where Will I Be?»

Produksjon

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre