Imre Németh (23. september 191718. august 1989) var ein ungarsk friidrettsutøvar som tevla i sleggjekast. Han vart olympisk meister i sleggekast i 1948 i London. Németh kom til verda i Košice, i dag i Slovakia, den gongen i kongeriket Ungarn. Han var far til Miklós Németh som vann OL-gull i spydkast under sommar-OL 1976.

Imre Németh

Statsborgarskap Ungarn
Fødd 23. september 1917
Košice
Død

18. august 1989 (71 år)
Budapest

Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar, politikar
Språk ungarsk
Høgd 184 centimeter
Politisk parti Ungarns kommunistiske parti (1945–1948), Ungarns kommunistiske parti (1948–1956), Ungarns sosialistiske arbeiderparti

Aktiv endre

Németh var med då den fyrste internasjonale meisterskapen i friidrett, EM 1946, vart arrangert i Oslo i august månad. Her vart han nummer fire. Midtvegs i juli 1948, to veker før Sommar-OL i London vart opna, sette han ny verdsrekord i sleggekast med eit kast på 59,02 meter i Tata, to centimeter lengre enn den ti år gamle rekorden. Så langt kasta han ikkje i olympiaden, der han hadde dei tre lengste kasta, med 56,07 m i sjette og siste omgangen som det alle lengste.

I 1949-sesongen forbetra Németh, i polske Katowice, sin eigen verdsrekord til 59,57 m og året etter ytterlegare til 59,88 m i Budapest. Denne siste rekorden stod til Sommar-OL 1952 i Helsingfors, der hans eigen landsmann, József Csermák, vart den aller fyrste som kasta slegga over 60 meter. Sjølv oppnådde Németh 57,74 meter i OL-tevlinga og fekk bronsemedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre