Stay with The Hollies

Stay with The Hollies
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1964
Innspelt 15. mai – 11. desember 1963; 28. januar 1964
Studio EMI Studios i London i England
Sjanger
Lengd 33:42
Selskap Parlophone
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
Stay with The Hollies In The Hollies Style
(1964)
Singlar frå Stay with The Hollies
  1. «Stay»
    Utgjeve: November 1963[1]

Stay with The Hollies er det første albumet til The Hollies. Albumet kom ut i Storbritannia på Parlophone, eigd av EMI, i januar 1964. I Canada vart eit album med same namn gjeven ut på Capitol 6000, òg eigd av EMI, i juli 1964 med ei anna sporliste. I USA gav Imperial Records ut nok ein annan versjon av dette albumet, kalla Here I Go Again i juni 1964.

Bakgrunn endre

Etter suksessen til Liverpool-bandet The Beatles, drog mange talentspeidarar frå London-baserte plateselskap til Liverpool for å finne andre beatgrupper. Då Ron Richards frå Parlophone vitja Liverpool tidleg i 1963, spelte gruppa den kvelden på Cavern Club. Dei var i røynda frå Manchester. Richards signerte dei for Parlophone, som òg var selskapet til The Beatles.[1]

Innspeling endre

Etter gruppa signerte kontrakt med Parlophone, drog gruppa i studio i EMI Studios i Abbey Road i London - som seinare skifta namn til Abbey Road Studios. Produsenten for gruppa var Ron Richards, som var assistent for George Martin. Fordi Parlophone alt hadde The Beatles, fekk Richards The Hollies til å gje ut ei rekkje singlar. Mot slutten av 1963, etter at den opphavlege trommeslagaren Don Rathbone, hadde slutta, hadde singlane til The Hollies vore suksessrike nok til at Parlophone gav ut eit album med gruppa.

Frå byrjinga av var songane framført av The Hollies kjende for vokalharmonien mellom Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash, som gav ein annan sound til eldre songar. Faktisk var dei fleste songane på albumet skrivne og opphavleg framført av amerikanarar, som Chuck Berry, ein favoritt blant beatgruppene. Den einaste originale komposisjonen på det britiske albumet var «Little Lover», skriven av Allan Clarke og Graham Nash. Den amerikanske utgåva hadde òg berre med éin original, Bobby Elliott/Tony Hicks-songen «Keep Off That Friend of Mine», medan den kanadiske utgåva inneheldt både «Little Lover» og Graham Nash-songeen «Hey What's Wrong with Me».

Salslister endre

Singelen «Stay» vart gjeven ut på Parlophone i november 1963 og nådde til slutt åttande plassen på UK Singles Chart. Stay with The Hollies kom ut tre månader seinare og nådde andreplassen på UK Albums Chart.[2]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Talking 'bout You»Chuck BerryClarke2:09
2.«Mr. Moonlight»Roy Lee JohnsonNash2:05
3.«You Better Move On»Arthur AlexanderClarke and Nash2:46
4.«Lucille»Al Collins, Little RichardClarke and Nash2:27
5.«Baby Don't Cry»Tony Hiller, Perry FordClarke and Nash2:06
6.«Memphis»Chuck BerryClarke and Nash2:34
7.«Stay»Maurice WilliamsAlle2:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
8.«Rockin' Robin»Jimmie ThomasClarke2:17
9.«Whatcha Gonna Do 'bout It?»Gregory Carroll, Doris PayneClarke2:20
10.«Do You Love Me»Berry Gordy jr.Clarke2:10
11.«It's Only Make Believe»Conway Twitty, Jack NanceClarke and Nash3:13
12.«What Kind of Girl Are You»Ray CharlesClarke and Nash3:03
13.«Little Lover»Graham Nash, Allan ClarkeClarke1:58
14.«Candy Man»Fred Neil, Beverly RossClarke2:28

Amerikansk versjon endre

I juni 1964 fekk Imperial Records tak i dei amerikanske rettane til The Hollies og gav ut den første plata som Here I Go Again etter at denne singelen hadde hatt moderat suksess, og like etter utgjevinga av «Just One Look» i Amerika. Imperial tok bort fem av songane frå den britiske utgåva – «Baby Don't Cry», «Mr. Moonlight», «Little Lover», «Whatcha Gonna Do 'Bout It» og «Candy Man» – og la til singlane «Just One Look» og «Here I Go Again» i lag med Hicks/Elliott-originalen «Keep Off That Friend of Mine» (B-sida til «Just One Look», den første gongen denne kom ut på eit album). I 2010 vart monoversjonen av plata gjeven ut på 180-grams vinyl i USA av Sundazed Records.

I 1966 vart 1963-innspelingane av «Candy Man», «Little Lover» (stundom feilstava som «Little Love») og «Whatcha Gonna Do 'Bout It» inkludert på det nye Imperial-albumet Bus Stop. The Hollies var ikkje nøgd med at Imperial gav ut denne samleplata, og det var ein av fleire årsaker til at gruppa valde å forlate Imperial i 1967 og signere kontrakt med Epic Records for distribusjon av musikken deira i USA.

Here I Go Again (Amerikansk versjon) endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Here I Go Again»Mort Shuman, Clive Westlake2:19
2.«Stay» 2:13
3.«Lucille» 2:27
4.«Memphis» 2:34
5.«You Better Move On» 2:46
6.«Talkin' 'bout You» 2:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Just One Look»Gregory Carroll, Doris Payne2:31
8.«Keep Off That Friend of Mine»Bobby Elliott, Tony Hicks2:10
9.«Rockin' Robin» 2:17
10.«Do You Love Me» 2:10
11.«What Kind of Girl Are You» 3:03
12.«It's Only Make Believe» 3:13

Den kanadiske utgåva endre

Stay with The Hollies vart òg gjeven ut i Canada, den 20. juli 1964 som Capitol T-6073.[3] Plata vart gjeven ut på Capitol 6000, eit selskap som berre fanst i Canada og som hovudsakleg gav ut britiske artistar signert til eit EMI-eigd selskap i Storbritannia.

Det kanadiske albumet vart sett saman av Paul White og skil seg frå både den amerikanske og britiske utgåva. Som det amerikanske albumet innehld det singlar som ikkje kom med på det britiske albumet, «Just One Look» og «Here I Go Again». I tillegg inneheld det dei to første hitsinglane til The Hollies i Storbritannia, «(Ain't That) Just Like Me» og «Searchin'», i tillegg til ei B-side som ikkje var på dei andre albuma, «Hey What's Wrong with Me». For å få plass til desse fem songane tok dei bort «Baby Don't Cry», «Rockin' Robin», «It's Only Make Believe», «Whatcha Gonna Do 'Bout It» og «Candy Man» frå den britiske utgåva

Medverkande endre

The Hollies

  • Allan Clarke – vokal, munnspel
  • Eric Haydock – bassgitar
  • Tony Hicks – vokal, sologitar
  • Graham Nash – vokal, rytmegitar
  • Bobby Elliott – trommer, bortsett frå dei Rathbone spelte på
  • Don Rathbone – trommer på «Little Lover», «(Ain't That) Just Like Me» og «Searchin'»

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «Artist Chart History: Hollies». The Official Charts Company. Henta 21. mars 2018. 
  2. «The 6000 Series of 33⅓ RPM Vinyl Discs». Capitol 6000. Canada: PAH. Henta 21. mars 2018. 
  3. User, Super. «Session Listing». hollies.co.uk (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. september 2018. Henta 21. mars 2018.