India Knight
India Knight (fødd Gisèle Aertsens;[1] fødd 14. desember 1965) er ein britisk journalist og forfattar. Ho skriv for britiske aviser, og har skrive sakprosabøker og romanar. Romanane hennar er omsette til 28 språk.
India Knight | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 14. desember 1965 (58 år) Brussel |
Yrke | journalist, skribent, bloggar |
Bakgrunn
endreKnight er dotter av pakistanskfødde Sabiha Rumani Malik (f. 1948, frå ein familie som var i slekt med den lærde diktaren Maulana Abul Kalam Azad, ein av leiarane i den indiske sjølvstenderørsla, og belgiske Michel Robert Georges Aertsens (1927-2002), ein son av Gaston Aertsens, ein helt frå den fyrste verdskrigen, og Marie-Louise Lacroix, frå familien til den belgiske statsmannen Henri Jaspar. Då India blei fødd var Malik 17 år gammal. Aertsens var 20 år eldre enn Malik. Foreldra til India skilte lag kort tid etter at ho var fødd; India blei buande i Brussel med mor si, som heldt fram med studiane sine og samstundes arbeidde som omsetjar for å forsørgja seg sjølv og dottera si. Dei hadde også lengre opphald i India og Pakistan.[2]
Mor til India gifta seg med Andrew Knight, redaktøren for The Economist, i 1975, og 9 år gammal flytta India til London for å bu i lag med mora og stefaren. Då ho var 13 år gammal, endra ho namnet sitt til India Knight, fornamnet etter det opphavlege ønsket til mor si[2] og etternamnet frå stefaren.[3] Mora og stefaren var gifte i 17 år og dekk to døtrer saman, Amaryllis og Afsaneh. Dei skilde seg i 1991, og ikkje lenge etter gifta Malik seg med ein ven av familien, arkitekten Norman Foster; dei var gifte fram til 1995. I den halvsjølvbiografiske romanen sin Comfort and Joy skriv Knight om familien og mora.[4]
I eit avisintervju i 2000 sa Knight at ho blei utdanna ved dei engelske skulane Lycée Français Charles de Gaulle og Wycombe Abbey, men blei utvist frå begge.[3] Ho vann seinare eit stipend til å studera moderne og mellomalderspråk ved Trinity College i Cambridge.[3][5]
Forfattarskap
endreKnight har skrive faste spalter for The Observer[6] og The Times.[7] Ho debuterte som forfattar i 2000 med My Life on a Plate, ein roman med likskapstrekk til hennar eige liv.[6][8] Ho har seinare gjeve ut fleire romanar og sakprosabøker. I 2022 gav ho ut ei gjenforteljing av Nancy Mitford sin roman The Pursuit Of Love etter oppfordring frå rettshavarane til Mitford.[8]
Privatliv
endreKnight var først gift med Jeremy Langmead, ein tidlegare redaktør for magasina Wallpaper* og Esquire. Paret fekk to søner. Då dei skilde seg, budde dei i to hus som var nokre få dører unna kvarandre i Primrose Hill.[9][10]
Faren til det tredje barnet til Knight er forfattaren Andrew O'Hagan.[11]
I desember 2015 kunngjorde ho at ho skulle gifta seg med den tidlegare parlamentsmedlemmet Eric Joyce, etter at dei hadde vore kjærastar i seks år. 6. november 2018 blei Joyce arrestert og skulda for å ha lasta ned bilde av barnemisbruk.[12] Han blei funnen skuldig og dømt til fengsel på vilkår i august 2020.[13]
Bøker
endreSkjønnlitteratur
endre- My Life on a Plate (2000)
- Don't You Want Me? (2002)
- Comfort and Joy (2010)
- Mutton (2012)
- Darling (2022) - an updating of The Pursuit of Love av Nancy Mitford
Sakprosa
endre- The Shops (2003)
- The Dirty Bits For Girls (editor, 2006)
- Neris and India's Idiot-Proof Diet (2007)
- Neris and India's Idiot-Proof Diet Cookbook (2008)
- The Thrift Book: Live Well and Spend Less (2008)
Barnebøker
endre- The Baby (2007)
Kjelder
endre- ↑ «Family tree of Gisèle AERTSENS» (på engelsk). Henta 25. september 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Lane, Harriet (2. november 2003). «Something of the Knight». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Barber, Lynn (2. juli 2000). "India's summer". The Observer. Henta 27. juni 2023.
- ↑ Isn't She Talking Yet?. Arkivert 24 October 2006 ved Wayback Machine.
- ↑ «V100 The Panel» (PDF). Varsity (649 utg.). 19. januar 2007. The Varsity 100. Henta 24. juli 2024.
- ↑ 6,0 6,1 Barber, Lynn (1. juli 2000). «India's summer». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712.
- ↑ «India Knight | The Times & The Sunday Times», www.thetimes.com, henta 6. september 2024
- ↑ 8,0 8,1 Coffey, Edel (1. juli 2023), «India Knight: 'I tend not to write anything personal anymore'», Irish Examiner (på engelsk), henta 6. september 2024
- ↑ "Ripping up the Yule book: Jeremy Langmead's dysfunctional family festivities", London Evening Standard, 9. desember 2011
- ↑ Boucher, Caroline (11 April 2015). «Welcome to Youngsbury». The Times. Henta 17. januar 2018.
- ↑ Lesley McDowell "India Knight on the pressures of parenting", The Herald, 14. november 2011
- ↑ «Former MP charged with child sex offence». BBC News. 10. juni 2020. Henta 12. juni 2020.
- ↑ Murphy, Simon. «Ex-Labour MP Eric Joyce gets suspended jail sentence over child abuse image». Henta 13. august 2020.
- ↑ «India Knight on her love of home», www.the-seedling.com, henta 6. september 2024
- Denne artikkelen bygger på «India Knight» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2024.