Den indiske frigjeringsrørsla
Den indiske frigjeringsrørsla omfattar ulike grupper, leiarar og ideologiar knytt til lausrivinga av Britisk India frå Det britiske imperiet. Rørsla byrja som eit forsøk på å oppnå meir sjølvstyre for indarar, men utvikla seg til å gjera krav på sjølvstende, og enda med delinga av kolonien og opprettinga av Pakistan og India i midten av august 1947. Ulike verkemiddel, frå valdeleg opprør til ikkje-valdelege strategiar som boikottar og sivil ulydnad, blei tekne i brukt under kampen. Rørsla hadde også mykje å seia for gjenreisinga av indisk kultur etter anglifiseringa av delar av det indiske samfunnet.
Den best kjende personen frå frigjeringsrørsla er truleg Mahatma Gandhi, som utvikla livshaldninga si satyagraha som framtredande leiar av fridomsrørsla. Andre kjende namn er Jinnah og Nehru, dei to første leiarane av Pakistan og India.
Viktige hendingar knytt til sjølvstendekampen
endre- Det indiske opprøret i 1857 («Sepoyopprøret»)
- Skipinga av Den indiske nasjonalkongressen (seinare Kongresspartiet) i 1885
- Skipinga av Muslim League i 1906
- Skipinga av All India Home Rule League i 1916
- Amritsarmassakren i 1919
- Saltmarsjen (Salt-satyagraha) i 1930
- Quit India-kampanjen som byrja i 1942
- Delinga av Britisk India i 1947
Viktige personar i sjølvstenderørsla
endre- Sir Pherozeshah Mehta (1845-1915)
- Lokmanya Tilak (1857-1920)
- Gopal Krishna Gokhale (1866-1915)
- Motilal Nehru (1861-1931)
- Sri Aurobindo (1872-1950)
- Sarojini Naidu (1879-1949)
- Mahatma Gandhi (1869-1948)
- Jawaharlal Nehru (1889-1964)
- Mohammed Ali Jinnah (1876-1948)
- Sardar Vallabhbhai Patel (1875-1950)
- Subhas Chandra Bose (1897-1946) protysk
Bakgrunnsstoff
endre- Timeline of Indian Independence Movement (engelsk) ved kamat.org
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Indiens självständighetsrörelse» frå Wikipedia på svensk, den 25. mars 2014.
- Timeline of Indian Independence Movement (engelsk) ved kamat.org
- Home Rule League, britannica.com