Statsministeren i India

(Omdirigert frå Indisk statsminister)

Statsministeren i India er regjeringsleiaren i India, leiar for den utøvande makta i landet og hovudrådgjevar til presidenten i India. Stillinga er skildra i den indiske grunnloven og har eksistert sidan India fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1947. Partileiaren for det største partiet i underkammeret Lok Sabha i det indiske parlamentet blir utnemnd til statsminister av presidenten. Det indiske statsministerembetet byggjer på parlamentarisme, spesifikt Westminstermodellen.

South Block i Secretariat Building i New Delhi huser det indiske statsministerkontoret.

Manmohan Singh frå Kongresspartiet har vore indisk statsminister sidan 22. mai 2004.

Statsministrar frå 1947 til i dag

endre
Nr. Bilde Namn Parti Tiltredde Avgjekk
1.   Jawaharlal Nehru Kongresspartiet 1947 1964
2.   Lal Bahadur Shastri Kongresspartiet 1964 1966
3.   Indira Gandhi Kongresspartiet 1966 1977
4.   Morarji Desai Janata-partiet 1977 1979
5. Charan Singh Janata-partiet 1979 1980
6.   Indira Gandhi Kongresspartiet 1980 1984 (drepen)
7.   Rajiv Gandhi Kongresspartiet 1984 1989
8.   Vishwanath Pratap Singh Jan Morcha 1989 1990
9. Chandra Shekhar Janata Dal 1990 1991
10.   P.V. Narasimha Rao Kongresspartiet 1991 1996
11.   Atal Behari Vajpayee Bharatiya Janata-partiet 1996 1996
12.   H.D. Deve Gowda Janata Dal (Secular) 1996 1997
13.   Inder Kumar Gujral Kongresspartiet 1997 1998
14.   Atal Behari Vajpayee Bharatiya Janata-partiet 1998 2004
15.   Manmohan Singh Kongresspartiet 22. mai 2004 26. mai 2014
16.   Narendra Modi Bharatiya Janata Party 26. mai 2014

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre