Indol

kjemisk sambinding

Indol er ei kvit, krystallinsk, organisk sambinding med smeltepunkt 52,5 °C og kjemisk formel C8H7N. I heilt rein tilstand har indol ei blomeliknande lukt, særleg ved låg konsentrasjon. Dette gjer at indol har vore nytta i parfymelaging. Indol er vanlegvis ureina med litt skatol og har då ei vond lukt.

Strukturen til indol
Modell av indol

Indol vart fyrste gongen framstilt av indigo, men kan lagast syntetisk etter fleire metodar. Det finst i steinkoltjøre og i små mengder i sjasmin og appelsinblomeolje. Det er òg eit fysiologisk produkt, sidan det oppstår ved ròte og under melting i tarmkanalen. Det finst difor i menneskeavføring. Kjemisk er indol ein benzopyrrol.

Kjelder endre

«indol» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 25. februar 2017.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.