Opna hovudmenyen

Indigo er ein mørk blåfiolett farge som ein kan utvinne frå indigoplanten Indigofera anil. Ordet indigo er lånt frå spansk og tyder 'indisk'. Fargen har fått namnet sitt fordi naturleg indigo vert utvunne i Bengal i Aust-India. Indigofargen er med i fargespekteret og har bølgjelengder rundt 500-520 nm. Han er rekna blant dei sju fargane i regnbogen.

Indigo
 
Bølgjelengd450–420[1] nm
HTML-farge#4B0082
sRGBB  (rgb)(75, 0, 130)
CMYKH   (c, m, y, k)(42, 100, 0, 49)
HSV       (h, s, v)(275°, 100%, 51%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)
Indigopulver.

Fargestoffet er funne brukt i band hos mumiar i Egypt. Syntetisk indigo kom på marknaden rundt 1900 og vert i dag mellom anna bruka til farging av dongeri.

Indigo i kulturenEndra

«Indigo» er namnet på ein mann kledd i indigofarga klede i barnetv-serien om Gullars.

KjelderEndra

  1. Rosen, Joe (26. juni 2017). «Encyclopedia of Physics». Infobase Publishing – via Google Books.