Induktor

Induktor eller induktiv komponent er innan elektronikken ein passiv komponent med eigenskapen å motverka alle endringar i den elektriske straumen som passerer gjennom han. Den straumavgrensande evna består i at induktorn genererer ein motretta elektromotorisk kraft, ein «mot-emk».

Induktor beståande av isolert leidningstråd vikla rundt ein jernkjerne

Induktorar blir mellom anna brukt for å velja ut eller blokkera visse frekvensar, eller som «støytdemparar» for raske endringar i den elektriske straumen (ein spole kan vera seriekopla med ein lampe for å hindra at lampen blir varma opp for fort).

Induktoren er ein forløpar for transformatoren. Han blei funnen opp av H.D. Ruhmkorff.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Sandstad, Jakob (6. september 2019). «induktor». Store norske leksikon (på norsk bokmål).