Ine Marie Wilmann

norsk skodespelar

Ine Marie Wilmann (fødd 18. februar 1985) er ein norsk skodespelar.[1]

Ine Marie Wilmann
Fødd18. februar 1985 (39 år)
Verka somskodespelar
PrisarKanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Gullruten for beste skodespelar, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Amandaprisen for beste kvinnelige birolle, Haugesund Walk of Fame

Karriere endre

Wilmann gjekk ut av Teaterhøgskolen (KHiO) våren 2011, etter eit fireårig studium. Ho debuterte som skodespelar ved Teatret Vårt i Molde i rolla som Elis i stykket Blindpassasjer hausten 2011. Etter dette var ho med på Riksteatret sin turné med Anna Karenina våren 2012, i rolla som Kitty. Etter dette var ho med i Riksteatret si framsyning Fruen fra havet i rolla som Hilde. Vinteren 2013 var Wilmann å sjå i rolla som Aricia i stykket Fedra, basert på verket av Jean Racine. Hausten 2013 spela Wilmann rolla som Anne Frank i oppsetjinga Anne Franks dagbokDen Nationale Scene i Bergen.

Wilmann hadde TV-debuten sin i NRK-serien Ansur. Ho har også spela rolla som Hege i Størst av alt, ein norsk dramaserie på seks episodar som gjekk på NRK1 vinteren 2007. I 2011 spela Wilmann rolla som Liv Tone i spelefilmen Jeg reiser alene, i trilogien om Jarle Klepp, basert på bøkene til Tore Renberg.

Prisar og utmerkingar endre

For rolla si i spelefilmen De nærmeste vann Wilmann Amandaprisen i 2015 i klassen beste kvinnelege skodespelar og Kanonprisen 2015 i klassen beste kvinnelege hovudrolle.[2][3] Ho vann Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Det tredje øyet og vart nominert til Amandaprisen 2019 og Kanonprisen 2018 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Sonja.[4]

Filmografi endre

Film endre

  • Kalde føtter (2006)
  • Reprise (2006)
  • Jeg reiser alene (2011)
  • Flink pike (2014)
  • De nærmeste (2015)
  • Erica (2016)
  • Ingenting tar noensinne slutt (2016)
  • Sonja (2018)
  • Blodtur (2020–)
  • Dianas bryllup (2020)
  • Krigsseileren (2022)
  • Troll (2022)

Seriar endre

  • Størst av alt (2007)
  • Det tredje øyet (2014–2016)
  • ZombieLars (2017–)
  • Exit (2019–2023)
  • Furia (2021)

Litteratur endre

Kjelder endre

  1. Profil hos Trøndelag Teater
  2. «Her er Amanda-vinnerne». nrk.no. 15. august 2015. Henta 3. april 2021. 
  3. ««Bølgen» tok storeslem». dagbladet.no. 10. mars 2016. Henta 3. april 2021. 
  4. «Amandanominasjonene 2019». filmfestivalen.no. 19. juni 2019. Arkivert frå originalen 25. mai 2019. Henta 30. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ine Marie Wilmann