Informasjonsteori

Informasjonsteori er eit fagfelt med opphav i matematikk og elektronikk som freistar å klassifisera og analysera informasjon. Faget vart utvikla av Claude E. Shannon som arbeidde med fundamentale konsept innan telekommunikasjon og signalhandsaming i samband med operasjonar som komprimering, kryptering, lagring og overføring av informasjon[1]. Fagfeltet ligg soleis i skjeringspunktet mellom matematikk, signalhandsaming og telekommunikasjon. Det skil seg frå det meir praktisk orienterte fagfeltet informasjonsteknologi.

Kjelder

endre
  1. Shannon, C.E., A Mathematical Theory of Communication, Bell System Technical Journal, bind 27, ss. 379–423, 623–656, 1948.

Bakgrunnsstoff

endre
  • Ash, R.B., Information theory, Dover Publ., 1965.
  • Pierce, J.R., An introduction to information theory; Symbols, signals and noise, 2. utg., Dover Publ., 1980.
  • Shannon, C.E. og Weaver, W., The mathematical theory of communication, Univ. of Illinoise Press, 1949.

Sjå òg

endre