Inga Fergstad

norsk misjonær

Inga Valborg Fergstad (13. mai 185528. september 1948) var ein norsk misjonær, lærar og forfattar.

Inga Fergstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1855
Meråker kommune
Død

28. september 1948 (93 år)
Trondheim

Yrke misjonær, skribent, lærar
Far Sivert Andreas Fergstad

Familie endre

Inga Fergstad var dotter av soknepresten, prost, ordførar og stortingsrepresentanten Sivert Andreas Fergstad (1813-1886) og Ovidia Widerøe (1820-1881), dotter av prost Falch Andreas Widerøe. Faren var ein yngre bror av koparslagaren og stortingsmannen Johan Peter Bye. Ho vart verande ugift.

Liv og virke endre

Inga Fergstad tok middelskoleeksamen og lærarinneeksamen i Trondheim i 1887. Deretter verka ho i fleire tiår i tenesta til misjonen, og konsentrerte verksemda si om Sør-Afrika, der ho var misjonær i Zulu-området på vegner av det Norske missionsselskab. Ho var i 1888-1891 lærar ved den norske skulen i Umpumulo i Natal, før ho i 1891-1896 var styrar på same stad. Etter eit opphald i Noreg i perioden 1896-1901, vende ho attende til Sør-Afrika, der ho i åra 1901-1911 styrte heimen for misjonærbarn i Durban.[1] I 1911 reiste ho heim til Noreg for godt.

Etter heimkomsten skreiv ho fleire bøker, der inspirasjonen i stor grad var henta frå opplevingane hennar i Afrika. Den første utgjevinga hennar, Gondane – ei missionsfortælling for barn, kom i 1914, med Andrea Fergstad oppgitt som forfattar. Forteljinga om Gondane finst òg i boka hennar Fortellinger fra Zululand frå 1946.[2]

Bibliografi endre

  • 1914: Gondane – en missionsfortælling for barn, den Norske kirkes mission, Kristiania
  • 1920: Tandekile – en missionsfortælling for barn, det Norske missionsselskab, Stavanger
  • 1923: U Samuele – en fortælling fra Zulu, Kristiania
  • 1938: Pers julehefte, Lunde, Bergen
  • 1946: Fortellinger fra Zululand, Schreudermisjonen, Oslo

Kjelder endre

  1. «Det norske misjonsselskaps misjonærer 1842-1948», www.nb.no, henta 15. november 2021 
  2. «Fortellinger fra Zululand : for barn og ungdom», www.nb.no, henta 15. november 2021