Inga Lærum Liebich
Inga Lærum Liebich (16. november 1864–15. september 1936), også kjend som Inga Lærum Liebig, var ein norsk komponist, dirigent, korleiar og musikklærar.[1] I 1917 var ho med å skipa Norsk Komponistforening.[2]
Inga Lærum Liebich | |||
| |||
Fødd | 16. november 1864 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 15. september 1936 (71 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Inga Lærum | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist | ||
Gift med | Rudolf Liebich |
Biografi
endreInga Lærum var dotter av kjøpmannen Johan Lærum (1830–1906) og tyske Antonie Hansen (1839–1920). Ho lærte å spele piano av Erika Nissen, og studerte komposisjon med Christian Sinding. Seinare studerte ho piano og musikkteori hos Otto Winter-Hjelm. Ho studerte i Roma, London og Milano. I London møtte ho den USA-amerikanske pianisten og musikkpedagogen Rudolf Liebich, som ho seinare blei gift med. Ho debuterte som komponist ved ein musikkfest i Kristiania i 1887 der ein av komposisjonane hennar blei framført av Christiania Theater sitt orkester. Ho framførte sine eigne komposisjonar i konsert fyrste gongen den 11. oktober 1892.
Med attestar frå Grieg og Svendsen søkte Lærum Schäffers legat for vidare utdanning innan instrumentasjon og komposisjon, men blei ikke tildelt dette. Ho gifta seg med Rudolf Liebich (også skrive Liebig) og forlet så Noreg. Ho budde i Burlington i USA, der ho var korleiar og dirigent ved den katolske kyrkja i nesten fem år. Seinare flytta ho til Berlin, der verka hennar blei framførte i konsert. Ho flytta tilbake til Christiania før 1917, då ho var med å skipa Norsk Komponistforening. Tilbake i Noreg var ho korinstruktør ved St. Olav kyrkje.[3]
Verka til Lærum Liebich omfattar i hovudsak songar, pianomusikk og kormusikk. Ho gav ut 21 songar, 15 klaverstykke og ein romanse for fiolin og klaver.
Lærum Liebich døydde 15. september 1936 og er gravlagd på Vestre gravlund.
Kjelder
endre- ↑ «Klassika: Inga Lærum Liebich (1864-1936): Lebenslauf». www.klassika.info. Henta 9. mai 2019.
- ↑ «Historikk». Norskkomponistforening. Arkivert frå originalen 30. juni 2015. Henta 9. mai 2019. «Norsk Komponistforening (NKF) ble stiftet i Kristiania 24. oktober 1917:»
- ↑ Dahm, Cecilie (1928-) (1987). Kvinner komponerer: ni portretter av norske kvinnelige komponister i tiden 1840-1930. Solum. ISBN 8256004851.
- Denne artikkelen bygger på «Inga Lærum Liebich» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.