Inga Strümke
Inga Strümke (fødd 1989) er ein norsk fysikar og KI-forskar ved Norwegian Open AI Lab på NTNU.[1]
Bakgrunn
endreInga Strümke vart fødd i Gummersbach i Tyskland.[2] Som fireåring flytta ho til Narvik der ho vaks opp. Ho fullførte vidaregåande skule ved Narvik, avdeling Frydenlund i 2007. Same haust byrja Strümke på NTNU der ho tok mastergrad i teoretisk fysikk i 2012.[3] Dinest tok ho doktorgrad i partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen i 2019.[4]
Karriere
endreStrümke er førsteamanuensis og forskar innan maskinlæring, forklarbar kunstig intelligens og KI-etikk ved Norwegian Open AI Lab ved NTNU. Ho har tidlegare mellom anna yrkt med «ansvarlig AI» og algoritmerevisjon som rådgjevar for PwC.[5]
Inga Strümke er ein aktiv formidlar som jamnan vert brukt i media. Ho har mellom anna vore deltakar i Abels tårn, radioprogram om populærvitskap på NRK, og i teknologispalta i avisa Morgenbladet. I 2019 fekk ho formidlingsprisen til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.[6]
I 2023 gav Inga Strümke ut boka Maskiner som tenker.[7] Boka vart tildelt Brageprisen for årets beste norske sakprosabok.[8]
I november 2023 fekk ho Forskingsrådets formidlingspris på 500 000 kr.[9]
Bibliografi
endre- Maskiner som tenker. Kagge forlag, 2023. ISBN 9788248932505
Kjelder
endre- ↑ «Inga Strumke - NTNU», www.ntnu.no, henta 6. april 2024
- ↑ «Søken etter ny fysikk med maskinlæring og parametersøk», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 6. april 2024
- ↑ «Inga Strümke». LinkedIn. Henta 6. april 2024.
- ↑ Strümke, Inga (2. mai 2019), Parameter Scans and Machine Learning for beyond Standard Model Physics, The University of Bergen, henta 6. april 2024
- ↑ «Inga Strümke: Norsk bio», strumke.github.io, henta 6. april 2024
- ↑ «Inga når toppen med formidling i sekken», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 6. april 2024
- ↑ «Magisk og skummelt om AI. Bokanmeldelse: Maskiner som tenker; Forsker på kunstig intelligens, Inga Strümke, treffer midt i blinken på tidsånden med denne boken.». www.vg.no (på norsk bokmål). 26. april 2023. Henta 26. april 2023.
- ↑ «Brageprisen 2023: Her er vinnerne og årets beste bøker: - Ellevilt». www.vg.no (på norsk bokmål). 23. november 2023. Henta 23. november 2023.
- ↑ «Inga Strümke har fått mange tilbud fra utlandet, men er mest opptatt av at det skal gå bra med KI i Norge». www.forskerforum.no (på norsk bokmål). Henta 17. november 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Inga Strümke» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2024.