Ingebrigt Ingebrigtsson Flønæs (23. mai 184312. juni 1933) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Selbu i Sør-Trøndelag.

Ingebrigt Flønæs
Fødd 23. mai 1843
Død

12. juni 1933

Yrke politikar

Flønæs var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå Klæbu seminar i 1862 og var så huslærar eit halvår. Deretter var han ein vinter lærar i Ytterøy. Sidan var han lærar i heimbygda Selbu i 49½ år, tok avskjed til jul i 1912. Attåt gardbrukar på farsgarden frå 1871 til 1908.

Han var medlem av heradsstyret frå 1873 til 1904, ordførar 1874-94. Elles var han sparebankdirektør, medlem av fleire fylkeskommunale utval og komitear, samt mange kommunale verv.

Flønæs var valmann fem gonger. Perioden 1880-82 var han 1. varamann til Stortinget. 1889-91 var han 3. representant frå Søndre Trondhjems amt på tinget, medlem av vegkomiteen.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914