Ytterøya

(Omdirigert frå Ytterøy)

Ytterøya er ei øy i Trondheimsfjorden i Levanger kommune i Trøndelag med om lag 600 innbyggjarar (per 2018).[1] Øya vart stundom kalla «Trondheimsfjordens perle». Fram til 1. januar 1964 låg Ytterøya i Ytterøy kommune.

Ytterøya
Geografi
Stad Trondheimsfjorden
Koordinatar 63°47′29″N 11°06′41″EKoordinatar: 63°47′29″N 11°06′41″E

Areal 28 km²
Lengd 13,5 km
Breidd 4,3 km

Høgaste punkt Sandstadkammen (210 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 500
Folketettleik 18 /km²

Namn endre

Dei gamalnorske formene var Ýtriøy og Øyin ýtri. Namnet tyder den ‘ytre øya’ og då i relasjon til Inderøya på fastlandet.[2]

Geografi endre

Ytterøya ligg midt i indre Trondheimsfjorden. Øya er om lag 13,5 km lang og 4,3 km brei på det breiaste. Totalarealet er om lag 28 km² og terrenget er dels kupert. Berggrunnen består mykje av av lettforvitreleg skifer som gjev eit næringsrikt jordsmonn. Dette saman med relativt store område med marine avsettingar av leire og sand, gjev øya ein rik og variert flora. Den høgaste toppen er Sandstadkammen på 210 moh. Kommunikasjonsmessig er øya knytt til administrasjonssenteret i kommunen, Levanger, med ein halvtimes ferjereise.

Næring endre

Ytterøyningane har til alle tider livnært seg av jordbruk og fiske. Det er i dag om lag 50 gardsbruk i drift der gardsbygg, dyrka mark, beitemark og skogsmark dannar ein mosaikk som har store biologiske kvalitetar, samstundes som ei rekkje kulturminner er bevart i sine naturlege omgjevnader. Kulturlandskapet vert ikkje brote av store, trafikkerte vegar, jernbane eller tung industri. Utredinga Verneplan for Kulturmiljø i Nord-Trøndelag har prioritert Ytterøya som eit av dei mest verdfulle kulturmiljøområda i fylket. Prioriteringane er gjort på basis av biologiske og kulturhistoriske verdiar. Ytterøykylling AS er per 2018 den største bedrifta på øya, der 80 av 100 i arbeidsstokken er frå Litauen.[1]

Fauna endre

I tillegg til granskog, består skogsmark av varmekjær lauvskog langs sørsida mot sjøen. Ytterøya har ei stor rådyrstamme, og sal av jakt på rådyr er ein viktig tilleggsnæring for grunneigarane. Ytterøya har òg eit rikt fugleliv. På sørsida av øya ligg Kjølsvikholmen på ca 22 daa som er foreslått som biotopverneområde. Her har det mellom anna hekka stokkand, ærfugl, hettemåke, fiskemåke og teist.

Historie endre

Arkeologiske funn vitnar om ein gryande jordbruksaktivitet på Ytterøya for om lag 5000 år siden. Då stod havet høgare enn i dag, og øya var delt i to ved Eid. Øya har òg ei historie som gruvesamfunn. Det er drive ut både koparkis, svovelkis og kalk frå gruver på øya. Gruvedrift på Ytterøy Kopperverk starta ca. 1630, og i 1870]arbeidde 5-600 personar i gruva. Drifta vart lagt ned etter den første verdskrigen.

I 1840- og 50-åra vart det teke ut svovelkis frå Ytterøen gruver for produksjon av svovelsyre ved Leren Kromfabrikk i Trondheim. Dette prosjektet var mislykka.

I tillegg til jordbruksdrift, har Ytterøya butikk, bilverkstad, båtservice, kyllingslakteri, kveiteoppdrett, kyrkje, skule og barnehage, helsetun, kafé, post og småbåthamn. Fleire kreative sjeler har skapt sitt eige virke, og etablert eigne bedrifter innan glasmåling, rådyrskinnprodukt og tredreiing for å nemne nokre. På Ytterøya er òg fritidstilbodet rikt og variert. Her kan barn, unge og vaksne vere med på det meste frå skulemusikk, hornmusikk og idrett til husflid, speidaren og 4H.

I dag har øya om lag 500 fastbuande, men i sommarhalvåret aukar talet kraftig. Ytterøya er ein populær ferie-/utfartsstad både for dagsturistar og hyttefolk. Det er i dag om lag 160 hytter/fritidseigedomar på Ytterøya.

Frå 1. mars 1999 er Ytterøy sitt postnummer 7629.

Kjende personar frå Ytterøya endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Haudemann-Andersen, Jørn (7. mars 2018), «Her snakker nesten halvparten av elevene litauisk», NRK (på norsk bokmål), henta 6. november 2023  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Folketal600» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  2. Rygh, Oluf (1903). Norske gaardnavne: Nordre Trondhjems amt (dokpro.uio.no) (på norsk) (15 utg.). Kristiania: W. C. Fabritius & sønners bogtrikkeri. s. 154.