Inger Jacobsen

norsk songar og skodespelar

Inger Johanne Jacobsen (13. oktober 192321. juli 1996) var ein norsk songar og skodespelar.

Inger Jacobsen

Fødd13. oktober 1923
FødestadChristiania
Død21. juli 1996 (72 år)
DødsstadOslo
FødenamnInger Johanne Jacobsen
OpphavNoreg
Aktiv1941–1994
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, plateartist, jazzmusikar
Gift medJackie Hein Bülow Jantzen
PrisarLeif Justers ærespris

Familie endre

Jacobsen gifta seg i 1950 med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen (fødd 8. januar 1923 i Odense, død 1. oktober 1959 i Lørenskog), som brukte scenenamnet Jackie Bülow. Dei var begge engasjerte av Jens Book Jensen på fleire av hans oppsetjingar på Chat Noir og turnéar i Noreg og utlandet i 1950-åra.[1][2]

Artistkarriere endre

 
I 1950 gifta Inger Jacobsen seg med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen[3]

Jacobsen gav ut si fyrste plate allereie i 1941. Det var «Du er alltid i mine tanker»/«To små hjerter» med Kristian Haugers Danseorkester på Telefunken. Dei var henta frå filmen Den forsvundne pølsemaker. Etter krigen vart ho ein svært populær songar. Ho var på plateselskapa Musica (1946–1953) og Columbia (1954–1970), og var lett gjenkjenneleg med den mjuke, djupe altrøysta si. Som skodespelar og artist opptredde ho i revyar, tv, radio og teater heilt fram til 1990-åra, frå 1976 som tilsett ved Riksteatret.

Inger Jacobsen deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen fire gongar, og vann finalen i 1962 med songen «Kom sol, kom regn». Hennar største slagar, singelen «Frøken Johansen og jeg» frå 1959, selde i over 50 000 eksemplar.[4] Innspelinga var meint som ein parodi på datidas mange skillingsvise-liknande slagarar og måten dei vart sungne på.

Deltakingar i Melodi Grand Prix endre

Diskografi endre

Filmografi endre

Kjelder endre

  1. Solheim, John (1962). «Ut på turné igjen». Norge rundt med Booken. Aschehoug. s. 109–110. 
  2. Solheim, John (1962). «Amerikaferd». Norge rundt med Booken. Aschehoug. s. 135. 
  3. Norsk biografisk leksikon
  4. «Inger Jacobsen – Frøken Johansen og jeg». hitsnorge.no. Hits Norge. Henta 10. august 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Inger Jacobsen