Ingerid Gjøstein Resi
Ingerid Gjøstein Resi (15. juli 1901–6. august 1955)[1] var ein norsk filolog, Venstrepolitikar og kvinnesaksforkjempar. Ho var formann for Norsk Kvinnesaksforening frå 1952 til ho døydde i ein flystyrt i Sovjetunionen i 1955 saman med resten av ein kvinnedelegasjon på ti kvinner. Ho var også medlem av landsstyret i Venstre.
Ingerid Gjøstein Resi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juli 1901 Stavanger kommune |
Død |
6. august 1955 (54 år) |
Yrke | politikar, stenograf |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Johan Gjøstein |
Mor | Anna Gjøstein |
Bakgrunn
endreGjøstein Resi var dotter av politikaren Johan Gjøstein og kvinnesakskvinna Anna Gjøstein, som stifta Stavanger Kvinnesaksforening. Ho gifta seg med sokneprest Oscar Resi og var mor til journalisten Kjell Gjøstein Resi og professor Heid Gjøstein Resi. Hennas eldre bror var tidlegare byrettsjustitiarius og ordførar i Stavanger, Tjalve Gjøstein.
Karriere
endreGjøstein Resi var elev ved Kongsgård skole i Stavanger der ho var med i Iduns Julekomedie.[2] Ho arbeida som stortingsstenograf frå 1921, tok artium i 1929 og blei cand.philol. i 1931. Ho var tilsett som forskar i Det norske litterære ordboksverk (no Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk ved UiO) frå 1931, og forska bl.a. på ordforrådet i dei eldste norske handskrifter. Samstundes arbeida ho i Stortinget, der ho blei referentrevisor.
Politisk virke
endreGjøstein Resi var engasjert i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) og Venstre. Ho var leiar i Oslo Kvinnesaksforening 1948–1950, 1. nestleiar i NKF på nasjonalt nivå 1948–1952 og leiar i NKF frå 1952 til sin død i 1955.
Gjøstein Resi var medlem av landsstyret i Venstre og representerte partiet i kommunestyre og formannskap i Oppegård frå 1952.[3] Ho var også stortingskandidat for Venstre i Akershus.[4]
Død
endreGjøstein Resi døydde i Voronezj-ulukka i Sovjetunionen i 1955 saman med resten av ein kvinnedelegasjon på ti kvinner.[5]
Kjelder
endre- ↑ 1910 census for Stavanger
- ↑ "Kongsgaard skole 1824-1924 ",1925 s.171.
- ↑ Elisabeth Lønnå (1996). Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913. Gyldendal Norsk Forlag. s. 335. ISBN 8205244952.
- ↑ Studentene fra 1920. Bokkomiteen for studentene fra 1920. 1970.
- ↑ De 10 omkomne kvinner minnes ved høytidelighet på Akershus. Urnene og kistene til Fornebu kl. 16 i dag i VG den 11. august 1955.
- Denne artikkelen bygger på «Ingerid Gjøstein Resi» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2023.