Ingerid Stenvold (fødd 20. juni 1977) er ein norsk journalist og programleiar i NRK. Ho kjem opphavleg frå Finnfjordbotn i Lenvik i Troms. I dag (2010) er ho nyheitsankar i DagsrevyenNRK1.

Ingerid Stenvold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1977 (47 år)
Finnsnes
Yrke journalist, langrennsløpar, programleiar, radioprogramleiar, reporter
Ingerid Stenvold på Commons

Stenvold sin karriere starta i NRK i 2001, som nyheitsjournalist i NRK Troms. I 2004 starta ho å jobba i NRK Sport. Ho dekte Sommar-Ol i Beijing i 2008. Ho har leia TV-aksjonen i 2006 og i 2007. Somrane 2007 og 2009 var ho programleiar for Sommeråpent. I 2008-2009 var ho programleiar for musikkprogrammet Lydverket på NRK. I 2010 byrja ho som nyheitsankar i Dagsrevyen på NRK.

Det har vorte ein del diskusjon rundt Stenvold, sidan ho fekk lov til å bruka dialekt i staden for offisielt bokmål eller nynorsk i Dagsrevyen.

Stenvold har tidlegare vore aktiv langrennsløpar, men ein skade i ryggen sette ein stoppar for karrieren hennar.

Deltaking

endre
  • 2006:   TV-aksjonen (programleiar)
  • 2007:   TV-aksjonen (programleiar)
  • 2007:   Sommeråpent (programleiar)
  • 2008:   Sommar-OL 2008 (reportar)
  • 2008:   Lydverket (programleiar)
  • 2009:   Lydverket (programleiar)
  • 2009:   Sommeråpent (programleiar)